Anders Hovden, 5.8.1891

Aalesund 5/8 91.

 

Kjære Ivar Aasen!

 

Her hev voret væn sumar på vestlandet iår, og eg «hev helder ikkje slegjet mi skål i benkjen», men båte tysta etter og drukkje av livsens gleda. Jenta mi og eg hev vorit på farti og strænda um både i syd og nord. Drog eg inkje spokjelset med uppå Galhøipiggen og, trur du! Men ho gjekk ratt so vore ei jeit i fjellet, baierølet laut ut gjenom kvar pore i meg, og eg vart skjotøgd utav leiken ofta. Me gjekk sida yver fjelli frå Våge og til Holaker, nokre fågne mil ifrå Veblungsnæs. – Ja, det var no det, eg skulde segja idag, at eg skal gifta meg 1 september her i byen «med kjæresta mi», den same eg hev havt no eit heilt år! Dei lyt sleppa ungsmalen ihop no, ja, det lyt dei gjera. Eg hev vorte ein urpinnande liten grand med prest no nede på spælen åt Norge. Og når eg fær prestestakken på, so lyt stakkemennesket mit ogso verta spleist ihop med meg. Å du, å du, kor gjildt det skulda voret, um du sat på eine sida mi og ho mor på hi atmed brudaboret! Sida han far slokna, hev eg ikkje noken eg heilder vilde hava nærinnaste då enn dykkar tvo.

Ennum eg fær koma um Xania, når eg skal prestevigjast. Men det vert vel inkje, då eg hev kjæringa med.

Vanse præstegjæld med Farsund til anneks ligg berre 2 mil ifrå Lindesnæs, trur eg. Då er det inkje ein slik fjord mellom frænde. Når eg hev funnet meg tilrette i den nye heimen min, so vil eg taka meg ein trip inn til Xania og få deg med meg ein tur heim; du berre myle åt meg. ¬– Når synderegisteret hans statsråd Wexelsen skal fram fyre ein dag, so fær vel eg og eit spark kanhende, då der var ein, som vart skompa vekk fyr mi skuld. Men eg kulsar inkje, eg segjer som han sagde han Steinar Røste: «Eg piksad kjøtet og saltad skinnet, og taket hæng uppunder fotom». Eg hev so tjukke øyro, at eg gjerne kunde vera statsråd fyr den skuld. – Igår fekk eg brev frå Støylen, som er sjømannsprest i Cardiff i England. Han er gift med ei smellande kjek jenta ifrå Bergen (Kamilla Heiberg). Ho var svært fæskja, berre 21 år, då ho tok honom. Han liver vel og er ein gjild og modig maur. No er her slik soll, bror åt kjæresta mi kom med si unge frue, som han fyr 1 dag sida «halte» frå Tyskland. Det dillar på spælen mest altihop no her i huset. Ein annan bror er ogso fyrlovd og gjeng her.

Eg skal vigjast i Xsand av Heuch ca 10 sept., so «træder eg til» nokre dagar etter. Det hev vel vore steikjande heit i Xania i sumar, kann eg tru. Og du lyt gå der inni støvet og årjonast åleine. Eg vil ikkje verta korkje aust- eller sydlænding, eg skal gjæta på som ei vævarkjæring på fluga etter eit kall i Bergen stift elder Telemorken. Eg trur, at arbeidet mit på Sunnmøre ikkje hev voret aldeles fåfængt, serleg no, då dei etter den nye skulelog skal velja mellom dansk elder norsk i skulen. Eg hev fåt mange til å elska målet sit, og dei frestalle toler det frå preikestolen. Lev innarleg vel, kjære Ivar Aasen. Ver hjerteleg helsa frå

Anders Hovden

 

Alt vel med slægti di, sovidt eg veit. Hast!

 

[Publisert med løyve frå familien.]

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]