Mons Litleré 25.5.1888

Hrr. Hans Ross og Ivar Aasen

 

Landkunna hans Gude hev eg fengje frå Vestmannalaget til utgjeving. Men det er vågsamt fyr meg å gjeva ut ei slik stor bok. Eg hev høyrt, at de hev leset boki gjenom. Vil de snarast senda meg Dykkar meining, um boki kann høva på folkehøg- og amtsskularne. Eg vilde då taka avskrift av Dykkar brev og senda det til dei skulestyrarar, som er målvenlege og høyra, um dei kann gjeva lovord på å taka Landkunna til lærebok. Fekk eg lovnad på det, vilde det gå godt med boki.

De gjer meg ei stor teneste.

Dykkar

Mons Litleré

Bergen 23/5-88

 

 

Hr. Hans Ross

Sjå på vedlagde brev og ver hæv å snakka med Ivar Aasen. Trur Landkunna vilde vera høveleg lærebok på folkehøgskularne.

Edv. G. Johannessen hev fortalt meg, at De skulde syrgja fyr å få tak i nokre gilde teikningar til boki hans Gude. Vilde gjerne få tak i dei med det fyrste.

Eg vilde gjerne få Dykk til korrekturlesar og må få vita, kva De tek fyr arket. Der må visst gjerast mange rettingar på målet i boki. Der skal soleis venteleg ikkje vera fleirtal i gjerningsordi?

Lat meg snart få svar.

Dykkar

Mons Litleré

Bergen 23/5-88

 

[Merknad EH: Desse to arka ligg i same mappe på NB. Dei høyrer opplagt saman, dei er daterte same dag og skrive på same slags brevark, men det siste brevet er strengt tatt berre til Ross, ikkje til Aasen.]

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]