Georg Grieg, 15.3.1881

Bergen 15 Marts 1881.

 

Hr. I. Aasen.

 

Takk maa hava fyre Svaret. Sant aa segja, so kann eg rosa meg av, at eg hadde funnet ut, at "Landkunna" skulde vera greidaste, og "Jordkunna" høva best fyre Geologi; men alt slikt heve eg meir som ei Kjensla, og daa er det so forvitnelegt at faa det framsett so greidt og fint som De gjerer. Og so fær De hava mange Takk fyre Umaken baade fraa meg og fraa hine Kararne, som sitja i Stjorni fyre Vestmannalaget.

Det er lett at skyna, at De heve mangt, som De ynskte at fullføra; men so kann daa ikkje allting gjerast i Rappet, og so maa det vera Dykker ein Hugnad at vita at De paa tie Aar heve gjort meir til Gagns en andre til Mann var god til at gjera paa hundrad. Elles heve eg undrast paa, um De ikkje til mangt eit Arbeid tek andre med som Skrivarkarar. Daa eg lyddast hjaa Dykkar i Haust, kom det paa Tal ei Ordlista til Norsk Maalbunad, og sidan rann det meg i Hug, at De kann henda turfte hava ein Hjelpesvein til slikt Arbeid og at eg so kunde faa Tilføre til at bjoda Dykker mi Tenesta atter fyre all den Tid og det Tolmøde, som De heve latet til paa mitt Puslearbeid. Um so skulde henda, at De vilde lata nokon skriva ut den nemnde Ordlista, so var eg just rette Karen (sic?), baade fyre di at eg veit, at allting skal gjerast grannvarlege, og fyre di eg heve ovlege goda Tider til at fullføra Verket utan Hast. Elder um det var eitkvart annat, som De vilde hava gjort, - soframt berre Dugen er som Hugen, so skulde eg fegnast, um De vilde leggja det fyre meg. – De tarv ikkje ottast, at eg skal koma med Manuskripter oftare og tigga um Stilretting; eg er longo vorde leid av slikt Arbeid, som eg ikkje er fulldugleg til.

 

Ærbødigst

Georg Grieg

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]