Det Norske Samlaget, 20.10.1880

Kristiania, den 20de Oktbr. 1880

 

Frå Styret fyr det Norske Samlaget

 

Då det ser ut til, at spursmålet um dativformi i den Norske utgåva av Thomas a Kingos bok ikkje læt seg løysa utan med avrøysting, med di styret ikkje vil hogga knuten yver, vert det naudsynlegt å halda eit møte av umskrivaren, doms-nemndi og lagsstyret.

Styret bed difyr hr. Stipendiaten vera so god å møtast med dei i andre i Statsrevisionens Sekretariat, Storthingsbyggnaden, fyrste høgd, imorgon ettermiddag (21de Oktbr) kl. 6 fyr å dryfta saki.

Andr. Hølås

 

 

[nedst på arket]

Hr. Stipendiat Ivar Aasen

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]