Torkjell Mauland, 13.11.1868

 

Herr Ivar Aasen!

 

Det ser nok nokot rart ut, at eg skal skriva til dykk, som eg inkje kjenner, og som endaa minder kjenner meg. Men eg hever no frameter rotat litt i Ordboki dykkar og skrivet upp ein heil Brote av Ord, som me bruka heima, men som eg inkje kan finna i Boki. No heve eg tenkt, at eg sku senda inn til Dykk ein Bite, so De kunde sjaa, um De vilde hava meir. No maa eg fortelja, kvar eg er fraa. Som De vel ser, er det jædersk det Maalet eg heve skrivet paa innlagde Settel. Eg er fødd og upvaksen i Thime paa Jæderen, og eg hever lengje voret plagad med, at eg inkje kunde skyna det danske. Fyre 1 ½ Aar sidan kom eg til Seminariet her, og meir og meir heve eg komet til, at eg inkje er skikkat fyre dansk. Det forstend seg, eg skriv det og kjem utav det nokso godt; men eg skynar inkje alle Tankeordi, som eg fer sjaa i Sjælelæran utan med ovlega Bryd. Nei daa kjenner eg, det er annat, naar eg fer fat i det, som De og andre Normenn heve skrivet. No heve eg tidt tenkt paa, um eg nokon Tid kunde koma so langt, at eg kunde skriva Maalet. Det kan eg langtifraa inkje enno, og difyre vonar eg, at De undskylder um eg inkje skriv so rigtigt.

Her er altso (paa den lause Settelen) nokre jæderske Talematar. De veit nog myket vel om dei fyrr, men eg tenkte, at De kanskje kunde hava litet Gagn av deim, og so vilde eg vera gla. De faar unnskylda, at eg hev so liti Tid i Kveld til at skriva, att det vel er jamngodt med inkjevetta, det eg senner.

Skulde De sjaa nokot Gang i det, so vilde eg vera glad, um De vilde skriva etter meir. Eg fek daa kanskje vita korleides eg helst sku ordna det.

Ja, eg er ein Vin og ein Undrar av dykk, endaa eg inkje kan annat enn hava det med meg sjølv. Difyre torer eg bida Dykk taka inn at ei mjuk Helsing fraa meg som eg er.

Ærbødigst

T. Mauland

 

Holt Seminarium, 13de Novbr. 1868

 

Adr.

Seminarist T. Mauland

Holt pr. Tvedestrand

 

1. He du inkje set naage te Brudle?

2. Han he slett inkje Bidlon te gjera noge.

3. Du æ et Krettur, du so(m) vil eda Kjød' einaste.

4. Eg sku ha vori i Byn og kjøbt meg nogo Hulne og Rapta; eg lyd' nok sedja upp en Tjelm i Myro te ha Torv i.

5. Me faa(r) nok ud aa skryva i Kveld. Du maa sjaa ette att(a) du sed' akkurat en Halltreve (12 Bonnd) i kvert Skru, og so maa du passa paa aa sedja Skruvo i ei bein' Lina bortette.

6. Aa, me ska uppi Kalvahagjen og slaa der staar ette noge Fjorold. Han er alti verre te slaa Fjorolden en anna Gras. Tefjels der di ha so mykje Fjorold ser du, di alti er so mykji tyngre paa Haando, naa(r) dei slaar. Heruppette er no nogen Fjorold si he stanne fraa Arons Ti, og der er so mykje Vier aa Lortaskab, att(a) der mest inkje er slaaande. – Igjaar braud eg av den eine Knaggjen paa Orve i en Runne.

Anm. Ordet "Brudle" (maaske rettere "Brudlid") har jeg hørt nogle ganske faa Gange af gamle Folk. Det betyder Brudfærd, og kan komme ind i Talen som saa: "He du set noge te Brudle idag?"

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]