Marius Nygaard, 27.8.1863

Bergen 27/8 63

 

Høgvyrdde Herra!

 

Eg er mesta rædd fyre min eigen Djervskap, i di at eg tenkjer at spilla dikkar dyre Tid med at senda eit Brev, som de kannhenda vil meina, dat var litet Naudsyn paa, og enndaa meir daa eg hever byrjat at skriva paa norskt Maal. Skriva norsk til honom Fader sjølv, dat er nett som ein vilde skriva Latin til honom Cicero, ikkje sant? Dei snakka altid so stygt um oss Philologar og meina, at gamle Cicero snur seg i Grefti, kvar Gong me røda Modurmaalet hans. men enndaa meir ottast eg fyre, at han Ivar vil snu seg paa Stolen, nær han ser mi Skrivt, og mulla eittkvart fyre sjølve seg um "at taka seg Vatn yver Hovud". Men so bed eg dikkor so fint og fagert at orsaka baade dat eine og dat hitt, og so skal eg vera so snøgg og sjaa til at gjera so litet Ugagn mot dikkor sjølve og mot Maalet som mogalegt. Men dat var no so, at han stipendiaten Rygh, daa han var her i Bergen i Sumar, sette fram dan Bønastaden fyre meg fraa norska Deildi av Utgjevarlaget aat "nordisk philologisk Tidsskrift" i Kaupmannahamn, at eg skulda skriva Soga aat norska Maalsaki i denna Skrivti. Eg maa ikkje annat segja, enn at eg vardt forbinad yver detta, daa eg ikkje kunde skyna, kvat Meiningi var med di. Desse Mennerne vita me fulla alle, ero slett inkje med oss i vaart Stræv og ynskja vel helder ilt enn godt um Saki. Men daa eg no totte, at dat kannhenda kunde vera ei liti Hjelp fyre Saki, um dat vardt greidt framsett, kvat dat var, som Maalmennerne vilde, og kvat dei havde gjort, so lovade eg at gjera dat, eg kunde. Eg tykjer no ogso, at eg gjerer ikkje so myket fyre denna Saki, som mi Skylda er, og daa eg no fulla aldri kjem til at skriva nokot dugelegt paa Maalet, so skulde dat vera hugsamt at skriva um dat, um dat vøre nokot Gagn i di. Men um og Hugen dreg halva Lasset, ottast eg do likavel, at slik ei Saga verd vand at setja ihop. Dat er so manga Upplysingar, ein skulde hava, og som eg inkje hever og helder inkje veit at finna. Dat, som no kjem ved sista Deildi av slikt eit Verk fraa dan Tidi, daa de kom og gav ut dikkar Skrifter, vore kannhenda inkje so vandt. Men dat som er fyre detta, er myket uklaart. Og do laut ein, um dat skulde vera ein rett Saga, fylgja denna Tanken fraa det allrafyrsta og syna, kvorleides han hever fylgt Uppvekingi av Tjodarandi Stig fyre Stig klaarare og klaarare. Eg tenkjer, me kunde tekkja han alt i Sidstningi av fyrra Aarhundradet, daa Storm skreiv Visor paa Bygdarmaal, um enn han sjølv inkje var greidt medvitande um, kvat han gjorde. Men nett fyre di at ein Gaum etter Maalet altid er i Framsyning av ein Gaum etter Tjodskapen, og Stræv fyre denna altid fører med seg Stræv fyre hitt, er dat naudsynlegt altid, nær ein skal skriva Soga aat Maalet, at gjera dat jamsides med Soga aat Tjodskapsmedvitandet. Men so var dat mi Bøn til dikkor, um de kunde sjaa dikkor Hug og Stunder til at hjelpa meg litetvætta med at finna fram dat merkjelegaste, som er skrivet um norskt Maal og Tjodskap fraa Enden af fyrre Aarhundradet og til dan Tidi, daa de vardt Fyremannen fyre Framgongen. Kannhenda ottast de fyre dat Arbeid, som eg til litet Gagn vil leggja paa dikkor, og tykjer, at eg er ovdjerv, som vil taka so myki Tid fraa dikkor. Men sannlega kunde eg tenkja, at so skulde verda, vilde eg aldri tenkt paa at bidja dikkor um slikt nokkot. De kan vel vita, at eg aldri tenkte, at de skulde skriva nokkot til meg; eg veit for vel, kvor litet de likar dat og kvor myki Tid dat ræner dikkor. Men eg meinte, at nær Hans Ross stundom kom upp til dikkor at svalla um eitt og annat, so kunde de segja honom nokkot, altsom dat kom dikkor i Hug, og so vil eg bidja honom vera so god at skriva dat til meg. Men anten de no tykjer, at de kan gjera detta fyre meg elder inkje, allrafyrst og allrasist vil eg bidja, at de inkje vil vera sinnad paa meg fyre min Djervskap, men hava lika so gode Tankar til meg her etter som fyrr (soframt de fyrr hever havt gode Tankar um meg at segja).

 

Med Agje

M. Nygaard

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]