Kristofer Janson, 20.11.1865

                                                                                                            20/11-65.
 
Ivar Aasen! Her kjem eg, kakkande paa hurdi som i gamle dagar, men eg stend inkje frihugad og tek hondi, som de retter ut mot meg. Eg er litet vetta raud i andlitet og skjeglar mot jordi liksom ein unge, som veit han skal have juling, um dat kjem i dagen, dat han hever gjort. Og so hever eg og liksom i gamle dagar ei bok elder eit papir under armen, som eg bed dykk vera so god at lesa igjenom.
 
Ja dat er best at standa til med dat sama, so er dat gjort. Eg hever latet boki mi prenta og paa fremsta bladet hever eg sett: Til Ivar Aasen. Dat var inkje rett kannhenda, utan eg fyrst spurde um lov; men eg havde slik hug til dat, boki skulde prentast strakst, so dat var inkje tid til nokot vingl fram og atter med skriv og slikt, - og so vaagade eg at gjera dat paa fri hond. Og eg meinte dat godt, dat vil de inkje tvila um. Eg tykte eg havde so myket at takka fyre baade eg og dan saki eg tenar, at eg inkje kunde syna detta betre enn med at vigja dat fyrsta, eg bar fram til altaret, til dan mannen, som hever reist dat, altaret fyre sann norskleike. Vel er dat so, at de kann segja: "ja men eg hever inkje reist altar til at kvar og ein, filloguten likasogodt som dan vigde presten, skal kunna bera fram alt dat, han kann finna paa, og myk kann likasovel brenna som røykverk, men dat er do skilnad paa utev og angje." Til detta vil eg svara: eg trur fyre dat fyrste inkje, at eg er nokon fillogut, men eg trur, eg hever fenget diktargaava som ein innblaastr i saali og so trur eg helder inkje, at dat er myk eg kjem med Dat kann vel vera mangt og myket, som vil skjera dykk i augom, som er so vel kjend med landsens skikk og maal, og dat er 'kje ventande at dat vil verda onnorleides, solenge ein bykarl skriv. Men eit og annat kunde vel verda funnet, som inkje var so galet endaa, og so kann dat verda betre med tidi. At her ero komne prentvillor i denna boki og, endaa alt dat me hava strævat med at halda henne rein og fri, er nokot som liksom høyrer til, og ein fær trøysta seg so godt ein vinn. Eg vonar daa, at de inkje vil vera vreid paa meg, um de enn inkje er nøgd med boki mi. Dat skal de tru, at dat berre er heita fyre saki, som hever drivet meg. I detta: til Ivar Aasen, skal de berre sjaa meg strjuka huva djupt av fyre ein mann, som hever gjort eit verk som "vil vara, til verdi øydest", ein mann, som hever slengt inn i meg ein eld til at verka fyre mitt folk og fyre mitt lands maal, og gjevet meg fast grunn uppunder fotom, ein mann, som hever synt meg blidskap og eit vinlegt hjartalag, daa eg kom og plagade og kjøvde honom baade med dat eina og dat hitt so mang ein gong inne i Kristiania. Sleiske ord styggjest eg ved, men detta meiner eg av mitt insta hjarta og eg veit, ordi ero sanne.
 
So tak daa vinlegt imot detta mitt fyrsta verk, og lat meg atter faa likaso godt handtak som fyrr, naar eg no til sumaren kjem inn aat staden.
Christopher Janson.  
 
-
Brev nr. 17, «Nokre brev til Ivar Aasen 1852-1893», i Brev og dagbøker ved Reidar Djupedal.
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Originalen ligg på UBO, brevsamling nr. 174.
 
Boka som er omtala, er «Fraa Bygdom. Av Christopher Janson», Bjørg­vin 1866.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009