Hans Mo, 6.8.1869

Hr Aasen. Vinerne her i Bjørgvin hava so ymist ymtat um, at eg skulde prøva paa samla og faa utgjevet Tonar til Visorna i Symra. Vel hever eg lagt meg ein Grand etter Musik, hever ogso uppskrivet mange Folketonar; men eg var rædd fyre at taka fat paa Symra i lengste Laget. Til slike Dikt maa me hava Tonar, som staa paa Maal, som dei segja. No hever eg Samlingen, mest berre Folketonar til allesaman. Bokhandlar Gjertsen her vil taka paa seg Utgjevingi, dersom Hr. Malling inkje vil hava nokot med det elder meinka honom Gjertsen i at taka det paa seg. Eg og fleire til meg tru, at det er best vera smaalaatne og koma berre med Lunden - utan nokon Harmomsering - til kvart Dikt. Men ovlega vel vilde det vera, um De vilde berre med nokre Ord lata meg faa vita Dykkar Meining um, korleis De trur, at Samlingen maatte sjaa ut, anten det vøre best at gjeva det ut einskilt, elder som Tillæg til Symra, dersom ho snart kem ut atter.
 
Eg er Lærar her i Bergen, hever voret her no i sju Aar, er Sonen bans Andreas Mo i Ørstinne. Han J. Velle i Kristiania er Systkinbarnet mitt. Honom vilde eg gjerne hava Helsing til, C. Velle ogso. Til Malling skreiv eg i Dag um desse SymraTornarne.
 
Det er eit Dikt - Det einlege Standet - som eg enno inke hever fun[n]et Lund til. Eg undrast paa, um inke det er skrivet til ein Folketone. Kære dersom eg skulde vera so heppen at faa nokre Ord fraa Dykk, lat meg vita, um nokon Tone kunde vera at faa hjaa einkvan anten til det einlege Standet elder til Sumarkvelden. Og liv so vel Vaarherre vera med Dykk og løna Dykk fyre alt godt.
 
Bjørgvin 6. August 1869.
 
Ærb.
Hans Mo.  
 
-
Brev nr. 20, «Nokre brev til Ivar Aasen 1852-1893», i Brev og dagbøker ved Reidar Djupedal.
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Originalen ligg på UBO, brevsamling nr. 174.
 
Hans Mo (1835-1920), lærar i Bergen, gav ut fleire bøker på landsmål, var mykje med i «Vestmannalaget». Den tonesamlinga til «Symra» som det er tale om i brevet hans til I. Aa., kom aldri ut.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009