Georg Grieg, 5.9.1868

Bergen 5te Septbr, 1868

 

Herr Ivar Aasen.

 

Um Orsaking lyt eg bidja fyre di eg no fyrst sender dykker min Takk fyre Hjelpi med Pilegrimsferdi, men eg vilde samtides senda dykker eit Exemplar av Boki, og dat skulde de longo havt, um ikkje Bokbindaren hadde voret so seinfør av seg, so han inkje, som han var beden, sende det til meg til Sogn, der eg hever voret i Fridagarne. No skulde eg vera nøgd, um Boki i dat heile var so pass at de tykte nokorlunda um henne; eg tykjest sjaa so myket, at dat hadde voret eit vesalt Verk, um inkje de var tilkomen med dykkar gode Hjelp. Eg let trykkja 1000 Explr.

Merknadarne til Katekisma ero ovlega gode, ja de fær giva meg Lov til aa segja so myket, og mangt hever eg lært av deim, og dat ser eg, at de var Mannen til at giva henne ut, og inkje eg. Men so skal eg likavel nytta dykkar Rettingar og umskriva henne paa nytt og sjaa kor dat vil laga seg.

Dei segja, at de hever teket paa med S'en no, og det er huglegt at fretta, at dat gjeng so fint fram. Helsa og gode Dagar ynskjer eg de maa hava.

 

Dykkar Georg Grieg

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]