Fredrik Størmer, 16.8.1864

                                                                        Torjul i Nordmøre, 16de August 1864 
 
Hr. Ivar Aasen! Dat er Von, at De alt hever høyrt gjetet, at me i Throndheim hava samnat Pengar til Utgjeving av Bøker i Landsmaalet; eg hadde ætlat at skriva til Dykker strakst, etter at Samningi var komi istand, men - Matstrævet hever heile Tidi haldet meg i Kløerna sina, so at eg inkje hev kunnat sleppa laus, og soleides verder dat daa, at detta Brevet kjemer so seint.
 
Etter dan store Maalstriden, som me hadde Hausten 62 hever Maalsaki fengjet Liv uppe i Throndheim; og det er inkje so faae som halda med henne. Me hava i alt samnat ikring 60 Spd. aarleg i 5 Aar, altso i alt 300 Spd. som eg hever Fullmagt til at bodja Dykker, for at De kan bruka deim paa dan Visi, som De trur er bedst for Maalsaki, anten med daa skulde samna eit Selskap som "Folkevennen" eller dat bert skulde verda gjevet ut einskilda Bøker eller eit Blad, dat maa De og Maalvenerne i Hovudstaden bedst skyna, og til Dykker stender dat at setja Saki i Gang. Her hava me inkje annat at bjoda enn desse Pengarne; boklega Kræfter hava me inkje, naar eg teker undan Sommer, som strævar trottugt med Maalet; og Saki er soleides bert i Handi Dykkar, og dat er vaart Ynske, at De maatte hava lika so stort Mod til at setja Verket i Gang, som De hever Dug til at driva dat, og inkje so faae er dat vel i Christiania og Bergen som kunna hjelpa Dykker, paa vaar Sida skulo me daa gjera, kvat me kunna, til at samna endaa fleire Pengar. Ja, lat meg sjaa no, at dat verder gjort nokot; me hava so lengje liggjet rolege, so Motstandararne vaare hava trudd, me alt voro lamne, og at dat øgjelege Dyret, Landsmaalet, alt var daudt og burte; lat os no standa upp og syna deim, at dat er ei Sak, som aldrig kan døya, at dat er ei Sak som maa fram, for dat er ei Sak, som vaar folkelege Vokstr krever.Og vaar Freistnad paa at driva henne fram maa no kunna ganga lettare; dat er fleire no enn fyrr, som kunna Landsmaalet, og som ogso hava nokot at skriva paa dat Maalet, dat er og fleire, som kunna lesa dat, og som halda med Saki, og naar slike Samnader som som i Throndheim verda gjorde i Christiania og Bergen millom Kjenningar og Maalvener, hava me Pengar nog til at byrja Saki.
 
Eg vonar difyre, at eg snart fær høyra fraa Dykker, um at De hever byrjat; ottest inkje for Pengar, um dat gjenger, som eg vonar med Treoljaverki vaare,kann eg vel faa Raad til at gjeva, so dat kunde muna nokot.
 
Eg vil bruka Dykkar eigne Ord: "Fram daa Frendar" og bidja Dykker skunda med at "retta dat, som rangt er", so at me kunna hava dan Hugnaden at sjaa Landsmaalet ganga fram med Siger.
 
Kannhenda kjem eg til Christiania i Haust for at gjera af nokot med Directionen for Treoljaverket; men skulde dat inkje verda nokot med denna Ferdi, vonar eg, at eg fær høyra fraa Dykker i Brev.
 
Takk skal De hava, ja tusund Tak[k] av kvar Maalmann for Dykkar " Norsk " Grammatik; dat var eit Ord som segjer nokot dat; og inni Boki syner De og at detta Ordet inkje er Lygn. Naar me hava slikt nokot at byggja paa, so kann dat verda nokot av Bygningi, og Bygningsmenner koma vel; eit slikt To kann inkje lengje liggja, utan at dat er dei, som vilja bruka dat. Eg takkar Dykker og for Symra; Ja eg veit no inkje um dat er De; men eit slikt Maal, trur eg inkje nokon annan kann skriva.
 
Ja, so vil eg daa ynskja Dykker Kraft og Mod til at byria dat sidste store Slaget ,Samningi av eit norsk Bokselskap, er dat komet istand er Sigeren vaar!
 
Gjev De daa maatte faa Tid og Helsa til lengje at styra med di, so at dat kunde ganga, som dat skulde!
 
Og so være De heilsat fraa Maalmannen
F. Størmer.
 
-
Brev nr. 15, «Nokre brev til Ivar Aasen 1852-1893», i Brev og dagbøker ved Reidar Djupedal.
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Originalen ligg på UBO, brevsamling nr. 174.
 
Fredrik Størmer (1839-1900), ingeniør og fabrikkeigar m. m., arbeidde mykje for målsaka og har gjeve pengar til eit fond, «Størmerfondet» (ca. 30 tusen kr., «Det norske Samlaget»), til bate for målsaka (sjå m. a. «Norsk Aarbok» 1935, s. 81 ff., SS 1931, s. 412 og «Den 17de Mai» 1901, nr. 2).
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009