Eirik Sommer, juli 1861

Juli 1861 [Brevet er poststempla 2.8.61]

 

Vyrdnadsverde og kjære Vin!

 

Dat er ikkje lenge sidan eg Dikker til og sende Dikker eit Stykke av «Noregs Saga». Eg saag meg ikkje Raad til aat senda dat med Brevposten, fyre di dat hadde vordet nokot dyrt, di fyre sende eg dat med «Dampskibet Haakon Jarl». Men eg hever høyrt, at at dat hender ofta dat, at Foringar-Varor med Dampskipom verda liggjande atter i Kristiansand lenger enn ynskjande var, men dat kann og vera, at dat verd soleides berre med stora Flutningar, som dat kann vera vandt um Rum fyre, so eg inkje tarv aat aattast fyre dat, at Skrifti mi skulde verda attliggjande. Eg vilde daa helst vera trygg fyre dat, og di fyre vilde eg no skriva Dikker til og segja Dikker, at dat soleides er ventande, um Did ikkje hever fenget dat enno. Eimbaaten gjekk ifraa Trondheim dan 18de eld 19de d.M. Dat var 12 Ark samannestade og inni laag Brev til Dikker og til Malling; Papirrullen var merkt med namnet Dikkar. Skulde so galet henda, at Did hever ikkje fenget, elder Did skulde ikkje faa dat snart i Hende, so fær eg væl vita dat av Dikker; fyre di daa lyt dat væl skrivast til «Dampskibsexpeditionen» i K.sand. – No hever eg naatt med «Noregs Saga» til Fyrsta av det 13de Aarhundrad (Bjørkebeinarne og Baglarne). Dat gjeng, som verre er, myket seinar med meg en eg vonade, fyre di eg hever voret so sjukvoren, at eg hever ikkje orkat erbeda fulla so trottugt, som eg ellerst kunne. Men dat kann no væl ikkje vera nokon i di, um dat varar litet længer en eg let Von um. Dat vil ikkje heftast myket lenge med dat, som eg hever atter no, trur eg, og glad skal eg vera, naar eg hever Boki ferdug. Eg vilde gjerna havt eit Vers med baade Bokstavrim og Endarim paa Gamalnorsk til Prøva paa Versagjerdi deira Federne som ein Merknad til Ordet «Skaldskap», dar som dat talast um han i Byrja av Skrifti. Men eg hever ikkje kunnat finna nokot, som eg tykte var høvelegt. Dat skulde ikkje tala um Strid elder um Aasatru men hava eitkvartslags fagert Ihald. Skulde Did vita nokot slikt Vers, og vilde Did gjera so væl aat setja dat attaat, um Did skulde ikkje finna dat vanhøvelegt? Eg hever tenkt paa nokre Vers av «Olafsrima Haraldssonar» til aat setja til Ender av Forteljingi um Heilag-Olav, men eg er ikkje fulla Karl til aat tyda dei; Versi ero myket vandare fyre meg en laus [vekkriven bit av brevet] ikkje hever freistad myket [vekkriven bit av brevet] helder. – Eg fær væl høyra fraa Dikker, naar Tidi er falli. Liv so væl!

Med Vyrding:

Eirik Torvaldsson Somer.

 

[Utanpå]

S.T.

Hr. Sprogmester I. Aasen

Kristiania.

Betalt.

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]