Eirik Sommer, 17.10.1861

17/10-61

 

S.T.

Hr. I. Aasen!

 

Brevet Dykkar av 23de Septbr. fekk eg rettugt med det som med fylgde, Handskrifti og Fagerskinna, og vil no segja Dykker so myki Takk fyre Brevet og Umaken med Sendingi. Fagerskinna er ei myket gjild Saga, tykkjer eg, myket hugsamare en Snorre og med den endeframme og tekkjelege Maalgreida si. Det var ei hardla kjærkomi Gaava aat meg dette, og myki Takk skal De hava, fyre De gjorde so myket, at eg fekk henne. Eg torer vil inkje takka honom Malling fyre henne, er det Von til. – Eg vonade mest, at De var ute og ferdadest fyre ei Tid sidan, og eg for daa fram med aat stytta av Skrifti mi og retta paa Skrivomaaten etter den Rettleidingi,som eg fekk ifraa Dykker (15de Aug). No er eg ferdug med Skrifti i di, som eg veit, og eg tykkjest inkje kunna hefta lenger, fyrr eg sender heile Handskrifti sud til Dykker, endaa eg var hugad til aat faa sjaa, kvat De meinte um ymse Ordskap, som skreiv upp ei Lista av og spurde Dykker um. Det er vonlega inkje godt um Tid fyre Dykker helder til alt saman. Men no kann de vel ganga fram lika godt um De vil gjera so væl aat retta paa det, som kunde sjaa alt for laakt ut. Men det var illa, at eg inkje kjenner meg godt til aat verda sitjande med det, til eg hadde nyskrivet Verket etter all denne Rettingi og Utstrykingi; det er vel galet aat senda det fraa seg so, som det er, men eg ser rett ingi Raad til Umbot no. – Afstyttingi, trur eg no visst, vil gjera so myket, at Boki ikkje stig yver 16 Ark Prent, men det, som er burtteket, var alt saman berre slikt, som det inkje laag stort Lag paa. – Eg hever tenkt, at eg lyt leggja til eit litet Fyreord, endaa Hr. Sundt skreiv Fortale til Boki. Det skulde ventelega voret nokre gode Ord um, at Boki er gjord i Landsmaalet, imot den Tanken, som Aalmugamannen kann gjera seg um, at dette maa vera faanyttugt Verk, – og ei liti Avgreiding um, kvi fyre han inkje finn dette Maalet meir likt sit Bygdarmaal, og ei Uppmaning til aat inkje fly fraa Lesnaden, um han endaa synest litet mødosam i fyrsto. Verd det so, at eg skreiv dette (eit vandt Stykke), so lyt eg senda det til Dykker og bidja Dykker um aat faa vita Dykkar Meining um det. – Eg vilde no ynskja, at det maa verda som lettast fyre Dykker aat fara igjenom Skrifti. – No lyt eg væl enda dette Brevet og bidja Dykker væl liva.

 

Thjem 17 Oktbr. 1861

 

Med Vyrding

Erik M.T. Somer

 

[Utanpå]

Manuskriptet til "N. S." sendt med Dampsk. "Bergen".

Thjem, 17de Okt 1861

EMT Somer

 

[Utanpå, anna side]

Til

Hr. I. Aasen

Kristiania

 

Medfølger en Pakke

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]