376 Nemnda for Eidsvollsmonumentet, 31.1.1881

Til Komiteen for Eidsvoldsmonumentet.
 
Undertegnede erkjender Modtagelsen af Komiteens Opfordring, men ønsker ikke at tiltræde som Indbyder.
 
Christiania den 31te Januar 1881.
Ivar Aasen.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. på UBO i H. M. Schirmers brev, brevsamling nr. 201, omframt kladd og utkast.
 
- Brevet er svar på eit rundskriv, 17. des. 1880, underskrive m. a. av Johan Sverdrup og C. A. Selmer, med ei førebels innbyding til å reisa eit minnes­merke over Eidsvollsmennene (innbydinga og elles ymse brev og dokument som vedkjem denne saka, ligg i H. M. Schirmers papir på UBO, «Eidsvoldsmonumentet. Brevvexling fra Begyndelsen (Novemb. 1880) til og med 16de Mai 1881», ms. samling fol. 1879, g III. I. Aa.s brev låg frå fyrst av i denne samlinga). Fleire svara nei på innbydinga, m. a. Søren Jaabæk som sa at «Under de nuværende Forhold er det min Mening, at det er Misbrug af Kraft og Tid og Konst og Penge, at foretage nogetsomhelst».
 
- I. Aa. ville i regelen ikkje setja namnet sitt på offentlege inn­bydingar o. l. av di han etter alfabetet oftast kom til å stå fyrst.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009