374 Omsetjingar av stykke frå Bibelen, [1881-82]

1. Kor. 1, 23. Me forkynna den Kristum den Krossfeste, som er Judom ei Avstyggjing og Grækom ein Daarskap.
 
Rom. 8, 22. For me vita, at all Skapningen sukkar og verkjer saman med oss til denne Stund.
 
Rom. 9, 33. Som skrivet er: Sjaa, eg set i Zion ein Stein til Støyting og eit Hallberg (Svadberg) til Avstyggjing (til Fall), og den som trur paa det, skal ikkje verda til Skammar.
 
Rom. 12, 1. Eg raader dykker difyre, Brøder, at de framhalda dykkar Likam til ei livande, heilag og gudtekkjeleg Offring, (som er) dykkar skynsame Gudstenesta.
 
[Rom.] 12, 2. Og skape dykker ikkje til etter denne Verdi, men umskape dykker etter Uppnyingi i Hugen so de kunna røyna, kvat som er Guds gode og tekkjelege og fullkomne Vilje.
 
[Rom. 12,] 3. For etter den Naaden, som meg er gjeven, segjer eg til ein og kvar imillom dykker, at ingen maa tenkja høgre (um seg), en han skulde tenkja, at me helder tenkja so, at det er vitugt (skillegt), etter so som Gud heve tiletlat kvar sitt Maal av Tru.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal :
Udatert kladd som må vera frå 1881-82. I. Aa. fekk ved denne tid spørsmål om han ville vera med på å sjå gjennom den nynorske bibelomsetjinga, sjå Br. nr. 378 og Br. nr. 382. I. Aa. har elles late etter seg nokre andre prøver på bibel­omsetjingar, sjå Br. nr. 449 og Br. nr. 450.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009