287 Omsetjing av Katekisma, 1868

Til Katekisma.
 
Bodordi (etter Luthers Bibel).
1. Du skal ikkje hava andre Gudar fyre meg.
2. Du skal ikkje misbruka Herren din Guds Namn; for Herren vil ikkje lata den vera urefst, som misbrukar hans Namn.
3. Kom i Hug, at du helgar Kviledagen.
4. Du skal heidra din Fader og di Moder, at du kan[n] liva lenge i Landet.
5. Du skal ikkje slaa i Hel.
6. Du skal ikkje driva Hor.
7. Du skal ikkje stela.
8. Du skal ikkje føra falsk Vitnesburd mot din Næste.
9. Du skal ikkje lysta etter din Næste's Hus.
10. Du skal ikkje lysta etter din Næste's Kona (Make), hans Svein elder Terna, hans Ukse elder Asne, elder nokon Ting som honom tilhøyrer.
 
Eg Herren din Gud, er ein streng Gud, som heimsøkjer Federne's Misgjerder paa Borni til tridje og fjorde Lid, paa deim som hata meg. Men eg gjerer Miskunn i mange tusund paa deim som elska meg og halda mine Bodord.
Artiklarne.
1. Eg trur paa Gud Fader, den allmaattuge, som hever skapat Himmelen og Jordi.
2. Eg trur paa Jesum Kristum, Guds einborne Son, vaar Herre, som er gjeten av den heilage Ande, fødd av Jungfru Maria, pint under Pontius Pilatus, krossfest, daaen og gravsett, nedfaren til Helvites; paa tridje Dagen uppstaden fraa dei Daude, uppfaren til Himmels og sitjande ved høgre Handi hjaa Gud Fader den allmaattuge, der han atter skal koma ifraa til at døma livande og daude.
3. Eg trur paa den heilage Ande, og ei heilag aalmenneleg, kristeleg Kyrkja, eit Samnøyte millom heilage Menneskjor, Forlating fyre Synderna , Uppstanding fyre Likamen, og etter Dauden det ævenlege Liv. Amen.
 
Herrens Bøn.
Fader vaar, du som er i Himlom, helgat verde ditt Namn, tilkome ditt Rike, verde din Vilje, som i Himmelen, so og paa Jordi; giv oss i Dag vaart daglege Braud, og forlat oss vaar Skuld, som me forlata vaare Skuldmenner; og leid oss ikkje i Freisting, men frels oss fraa det vonde, for ditt er Riket, Magti og Æra i Ævelengdi. Amen.
Daupens Heilagmaal.
Gange ut og lære alle Folk og døype deim i Namn av Faderen og Sonen og den heilage Ande.
- Den som trur og verder døypt, han skal verda salig (frelst); men den som ikkje trur, skal vera fordømd.
- Men etter si Miskunn hever han frelst oss ved Badet til Nyfødsla og Umnying, som verder fullførd ved den heilage Ande, som han hever dreivt (utfløytt, utsendt) riklega til oss ved Jesum Kristum vaar Frelsar, at me, som ero rettferdiggjorde av hans Naade, skulo vera Ervingar etter Voni til det ævenlege Liv. Det er ein sann Tale.
- So ero me jordade med honom i Daupen (i Skirsla) til Dauden, at so som Kristus er uppvakt fraa dei daude ved den Æra, som høyrer Faderen til, so skulo me ogso ferdast i ein ny Livnad.
Nattverdar Heilagmaalet.
Den Natt (Kveld), daa vaar Herre Jesus Kristus vardt forraadd, tok han Braudet, takkade og braut det, gav sine Læresveinar og sagde: Take detta og ete det; det er min Likam, som er gjeven fyre dykker. Gjere detta til Minning um meg.
Lika eins tok han og Kalken etter Nattverden, takkade, gav deim og sagde: Drikke alle av detta; det er Kalken fyre den nye Pakt i mitt Blod, som er uthellt fyre dykker til Forlating fyre Synderna. Gjere detta, so ofta som de det drikka, til Minning um meg.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Udatert kladd som må vera frå 1868. - nedfaren ~ [o. 1.:] /[ned] stigen/ - [uppvakt<] ~ upp vakt - [Nattverdar<] ~ Natverdar
 
- Sjå elles J. A. Dale: «Dei eldste nynorske katekismene», «Fossegrimen» 1957, 1. 1-11 og Br. nr. 373.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009