285 Georg Grieg, 25.6.1868

Til Grieg.
 
Det drog nokot lenge fyrr eg kom til Ende med Gjenomskodningi av dei tilsende Skrifterna. Eg hever teket deim fyre meg ei og onnor Stund, og stundom vordet trøytt av det og; for det er jamnaste so, at der som andre standa faste, der stend eg ogso fast. Eg siter her innmurad i ei Mukka paa 50 000 Ord, og endaa er eg alltid uppraadd fyre Ord, naar det nøyder paa. Det er lika eins som med ein Kaupmann som hever fenget heim ei stor Skipsladning med Varor, men aldri kann faa Tid til at skipa deim upp og setja deim paa sina Hyllor. Naar so Folk koma og spyrja etter eitkvart Slaget, so lyt han segja, at han mest maa hava det, men han veit aldri kvar det ligg. Og det kann endaa henda, at han inkje sjølv veit kvat han hever.
 
Um Bunyans Pilgrimsferd hever eg havt so ymse Tankar, med di eg ofta hever tykt so, at det vist maatte finnast einkvar nyare gudleg Fortelnad av eit mildare og meir uppmodande Slag, som her kunde høva til Yversetning; men sidan no Tiltaket eingong er gjort, og so myket Arbeid er paakostat, so torer eg ikkje segja nokot større um det. Og helder ikkje hever eg raakat til at faa nokon Kjennskap til den nyare Boksamnad av detta Slaget, so eg kunde nemna nokre høvelege Bøker til Yversetning i detta Maalet. - Um Arbeidet paa Pilegrimsferdi maa eg segja, at det vist er so godt som ein no paa denne Tid kunde venta; for her er ikkje mange Mønsterskrifter til at retta seg etter, skal eg tru. Og um det endaa kann vera ymist aafaatt i ein slik Freistnad, so lyt ein daa segja, at det er alt myket, at det kann vera so maata godt som detta.
 
Katekisma hever eg ogso skodat paa. Detta er eit Arbeid, som eg ofta hever tenkt aa freista paa; men fyre det fyrste hever eg aldri fenget Tid til det, og dernæst hever eg ikkje raakat til aa faa fat paa Luthers eigi Katekismus i ei gamal og ubrigdad tydsk Utgaava. Men eit slikt Arbeid vilde eg taka strengt og vandsamt so det inkje berre skulde vera reint Maal og rette Ordlag, men ogso ein lett og klingande Samskipnad og ein vyrdeleg, høgtidleg og fyndig Tone igjenom det heile. Eg veit ikkje vist, um Tidi endaa er komi til at senda nokot slikt ut imillom Folket; me ero so litet tiltamde til at skriva um gudlege og aalvorsame Ting, so det kann ikkje verda nokon stødug Stil elder nokon trygg og greidtøk Tilskipnad i Ordlaget. Der er so myket, som ikkje er komet rett i Gang endaa, slikt som Yversetningi av desse dimme og mødesame Genitiv-Sambindingar, som der er so myket av i Bibelstilen, og som oftaste synast trenga til ei Uppløysning, naar Samanhengen skulde verda klaar og tydeleg fyre Folket. Men eitt er vist, og det er, at skal der verda nokon Framgang, so faa me eingong taka til og freista og byrja; for daa fyrsta ser ein kvat som vantar, og sidan fær ein venda og vøla paa det nokot um Senn. Eg er rædd fyre, at eg inkje hever teket det so grant og gløgt med Gjenomskodn ingisom eg skulde; men eg tyktest ikkje hava Tid til at taka det strengare. Eg siter her med detta endelause Arbeidet med ei ny Ordbok; det verd no snart try Aar, sidan det byrjade, og endaa er eg berre komen til Bokstaven P og hever riklege Arbeid til tvau Aar til elder endaa meir, um me liva so lenge.
 
Og so er det no ogso liten Fagnad ein fær av slikt Arbeid. Det er nokot til eit ofsa Tak, som vaare Fiendar hava teket no sidan i Vetter; og merkverdigt er det kor lett dei sleppa av, og kor litet det verd motsett fraa vaar Sida, endaa det kjem no av det, at dei hava alle Bladi med seg. No kann ein lesa seg til i danske Blad og vel ogso i svenske, at detta Maalstrævet hever ingen Grunn, at Maalet er "daudt", at Diftongarne berre finnast som avdøyande Leivningar i nokre Fjellbygder[,] at Endingar med "a" ero mest avlagde, at den norske Bøygningi er avlagd og meir slikt. Paa den Maaten kjem no eg til at standa som ein Ljugar med alt det som eg hever fortalt um detta Maalet. Det er den Takk, som eg hever fyre Umaken. Elles fær eg no stola paa, at der eingong vil koma Folk, som vilja sjaa kven som hadde Rett, men det kann vel henda, at det verd langt at bida.
 
Et Par Ord om et Par Steder. Ordene Den som troer og bliver døbt, han skal blive salig, Daabsordene af Mark. 16, 16 kunde godt oversættes: verda frelst, som er et klarere Udtryk. Det græske Ord sôthêsetai betyder nok ligefrem: skal blive frelst (reddet, bjerget), og hertil svarer ogsaa den engelske Oversættelse: shall be saved. Derimod hos Luther[:] er wird selig werden.
 
Ordene i Nadverden: Dette er det nye Test. Kalk &c. kunde gjerne tages efter 1 Cor. 11,25. Denne Kalken er den nye Pagt i mitt Blod (he kaine diatheke). I disse Bibelord troer jeg næsten man burde holde paa de fuldere Præsensformer med: er, som verder, bliver.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Kladd og eit utkast (nynorsk versjon av Br. nr. 284 som truleg er skriven på grunnlag av kladden på dansk).
 
- [Kjennskap<] ~ Kjendskap - Aar /til/ - [ofsa<] ~ Ofsa.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009