Tidleg julegåve til Nynorsk kultursentrum

Tidleg julegåve til Nynorsk kultursentrum

Kvelden 20. desember fekk Nynorsk kultursentrum melding om at Kulturdepartementet løyver 233 000 kroner til formidling av og forsking på nynorsk skriftkultur. Pengane kjem frå gåveforsterkingsordninga, som gir 25 prosent av gåvebeløpa institusjonen har fått av private aktørar.

– Dette gjer at gjestene våre på arrangement, festivalar, internett og i utstillingane kan få meir kunnskap og fleire opplevingar i 2019. Det er kjekt å få ei slik julegåve allereie før julaftan, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark. 

I 2018 har Nynorsk kultursentrum motteke større gåver på til saman 933 780 kr frå Det Norske Samlaget, Fritt Ord, Norsk Forfattersentrum, Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger. – Vi takkar støttespelarane våre for rause gåver i 2018. Dei har gjort det mogleg å skape opplevingar og produsere kunnskap til barn, ungdom og vaksne vi elles aldri kunne gjort, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark.

Sidan 2014 har Kulturdepartementet forsterka gåver til museum med 25 prosent av gåvebeløpet. Formålet med ordninga er å stimulere til auka privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegåver. – Vi opplever at fleire givarar er interesserte i å støtte oss, når dei veit at staten stiller opp med støtte til prosjekt i den same institusjonen, seier Sandsmark

Nokre av prosjekta som har blitt realiserte takka vere private tilskot er temasidene om nynorsk litteraturhistorie og aktuelle artiklar for ungdomsskuleelevar på allkunne.no, teaterstykket Les for livet og Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar. Den høge kvaliteten i programmet til Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival hadde heller ikkje vore mogleg utan økonomisk støtte utanfrå.

Midlane frå Kulturdepartementet blir fordelte mellom driftsavdelingane Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Vinje-senteret og Allkunne.