Skuffande læreplan for språkmangfaldet
Direktør i nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark (til ventre) og styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm.

Skuffande læreplan for språkmangfaldet

Kunnskapsdepartementet la i dag fram nye læreplanar i norsk. Det blir stilt lågare krav til sidemål enn hovudmål. – Nynorsk kultursentrum er skuffa over regjeringa, seier styreleiar Lodve Solholm.

I den nye læreplanen er det ikkje lenger eit mål at elevane skal ha lik kompetanse i bokmål og nynorsk uavhengig av kva dei har som hovudmål. Samstundes fjernar regjeringa eiga undervegsvurdering i både sidemål og hovudmål med karakter på alle steg utanom 10. klasse og Vg3. - Som i alle andre fag bør det vere same karakterar på alle stega i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring, seier Solholm.

– Framlegget bryt med norsk språkpolitikk. Dette fører ikkje meir likestilling og likeverd mellom dei to norske skriftspråka. Sidan 1885 har Noreg vore eit føredøme for korleis ein løyser ein kulturell konflikt med respekt for både fleirtalet og mindretalet. Denne tradisjonen er truga med dette vedtaket, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum peikar på nokre positiv trekk i den nye læreplanen. På alle steg i skulen skal ungane lese både skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk. Det språklege mangfaldet er løfta fram som eit eige hovudtema, og det blir lagt meir vekt på sjanger- og grammatikkundervising.

– Nokre av grepa i norskfaget kan vere med å gjere både bokmåls- og nynorskelevar tryggare i eige språk. Det er bra, men det er ikkje godt nok at elevane med denne læreplanen ikkje får høve til å lære seg både bokmål og nynorsk skikkeleg, og bli vurderte i det, seier Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum meiner at over tid kan denne læreplanen svekke den allmenne kompetansen i både bokmål og nynorsk. – No blir det opp til fylkeskommunane og kommunane, som skuleeigarar, å sikre at det likevel blir god nok opplæring i bokmål og nynorsk. Der kjem vi til å leggje vår innsats for å sikre det norske språkmangfaldet, avsluttar Sandsmark.