Nynorsk kultursentrum til verdas største bokmesse
Foto: Sunniva L. Osdal og Morten Sundal

Nynorsk kultursentrum til verdas største bokmesse

Noreg er i haust heidersgjest under den tradisjonsrike bokmessa i den tyske byen Frankfurt. Den folkekjære poeten Olav H. Hauge og tittelen på det mest kjende diktet hans Det er den draumen, frontar kampanjen som skal marknadsføre Noreg og norsk litteratur internasjonalt. Frå 15. til 20. oktober deltek Nynorsk kultursentrum i det offisielle programmet, der både statsminister, kronprinsparet og kulturministeren er vertar.

Storsatsing

–Dette er den største norske kultursatsinga som nokon gong er gjort utanfor Noreg. Det er særs gledeleg at det blir satsa stort på litteratur og ekstra stas at det er Olav H. Hauge som frontar det heile, seier Geir S. Netland, dagleg leiar av Olav H. Hauge-senteret, som formidlar og dokumenterer heile forfattarskapen til den folkekjære poeten.

Som gjesteland ønskjer Noreg å fremje norsk kultur og næringsliv og vidareutvikle det gode tysk-norske samarbeidet. Nynorsk kultursentrum, som eig og driftar blant anna Olav. H. Hauge-senteret og Ivar Aasen-tunet, har bidrege med både tekstar, omsetjingar og bøker om norsk språk og litteratur, Olav H. Hauge sine dikt, samt bakgrunn om både Olav H. Hauge-senteret og Ivar Aasen-tunet.

–Vi ønskjer å formidle historia om nynorsken og Ivar Aasen til både det tyske og internasjonale publikumet, seier dagleg leiar ved Aasen-tunet Tone Slenes. Ho presiserer også at det norske programmet i Frankfurt har fokus på mangfald, likestilling, miljø og ytringsfridom. Sentrale verdiar som også låg til grunn for Ivar Aasen sitt arbeid med å finne og systematisere dialektene til eit skriftspråk tett opp til folket sitt talemål.

Nynorsk kultursentrum har eigne engelskspråklege digitale tenester som fortel om nynorsk språk og litteratur i det digitale oppslagsverket Allkunne. –Det er naturleg for Nynorsk kultursentrum, som arbeider med nynorsk språk og litteratur å søkje samarbeid ut i verda og å fortelje om den norske språksituasjonen, seier Tone Slenes.

Marknadsfører norske litteratursenter

Norsk litteraturnettverk blei stifta etter initiativ frå Nynorsk kultursentrum og er eit fagleg nettverk for litterære museum over heile landet. Litteraturnettverket deltek på bokmessa for å formidle den klassiske litteraturen frå Noreg, og for å marknadsføre Noreg som attraktivt reisemål for utanlandske kulturturistar. På standen til litteraturnettverket blir Olav H. Hauge og Ivar Aasen-tunet presentert saman med andre museum og klassikarar som Knut Hamsun, Henrik Ibsen og Sigrid Undset.