Jubileumsåret som fornya tradisjonane
F.v Gaute Øvereng, Stina Aasen Lødemel, Per Magnus Finnanger Sandsmark, Kristian W. Rantala og dagleg leiar Geir Netland.Foto: Nynorsk kultursentrum, Laila Walseth Lid

Jubileumsåret som fornya tradisjonane

I 2018 feira Nynorsk kultursentrum 25 år, arrangerte Ulvik poesifestival for tiande gong, og markerte 150-årsjubileet til Samlaget og 200-årsjubileet for A. O. Vinje.

–Desse jubilea brukte vi til å formidle kunnskap og opplevingar til over 600 000 brukarar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Ny kunnskap om sentrale emne

Ottar Grepstad gjekk 31. oktober av som direktør etter 19 år. Han nytta blant mykje anna avslutningsåret sitt til å gi ut boka Skriftkultur. Tidssignal frå det 21. hundreåret, skrive to artiklar på engelsk om språkmuseum og kome med nye utgåver av Aasen-bibliografien, Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt og Language museums of the world. Han leia òg forskingsprosjektet Museum som minnepolitiske aktørar, som enda med at ny forsking frå seks litterære museum blei publisert i boka Forfattarens skriftstader.

Per Magnus F. Sandsmark tok over som direktør i november. Han publiserte rett før han byrja artikkelen Den nynorske litteraturen 1848–2018 på allkunne.no. Dette er den første samla framstillinga av nynorsk litteraturhistorie, uavhengig av sjangrar, som omfattar både dikting og saktekstar publisert i alle moglege medium. 11 medarbeidarar har formidla kunnskap og innsikter i artiklar, bøker, debattar, foredrag, forelesingar. –Nynorsk kultursentrum har sidan byrjinga sett kunnskap i system. På den måten finn vi nye innsikter som vi gjerne formidlar vidare, seier Sandsmark.

Viktige digitale satsingar

Den nynorske litteraturhistoria blei lansert i digital utgåve på allkunne.no. Nynorsk kultursentrum arrangerte saman med Det Norske Samlaget nynorsk lesedøgn der barn i heile landet las over 700 000 sider nynorskbøker på eit døgn. –Begge delar var del av 150-årsjubileet for Det Norske Samlaget. Nynorsk kultursentrum gjer den rike nynorske kulturhistoria tilgjengeleg for mange, seier redaktør Stina Aasen Lødemel i Allkunne.

På tampen av året kom òg tunkatten.no i ny drakt med forteljingar, songar og ordleikar for barn mellom 5 og 10 år.

Feira Vinje og etablerte avdeling

2018 byrja med at dagleg leiar ved Vinje-senteret tok til, blei fylt med arrangement som feira 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje og slutta med at Vinje kommune, Telemark fylkeskommune og Stortinget løyvde midlar som sikrar byggjestart for Vinje-senteret for dikting og journalistikk i 2019.

–Med 3 594 gjester på utstillingar, festival, jubileumshelg og arrangement i 2018, har vi fått ei god byrjing i Vinje, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala ved Vinje-senteret.

To stipend skaper ny litteratur

På den tiande Ulvik poesifestival fekk Erlend O. Nødtvedt det første Olav H. Hauge-stipendet til unge lyrikarar på 150 000 kr. Saman med Ulvik herad og Sparebanken Vest har Nynorsk kultursentrum skipa eit eige stipend for skrift- og songlyrikk. – Hauge-senteret er stolte av at vi på denne måten kan bruke forfattarskapen til Hauge til å fornye og forsterke den norske lyrikken, seier dagleg leiar Geir Netland.

25-årsjubileet for Nynorsk kultursentrum blei feira med jubileumsstipend på 200 000 kroner til Arnfinn Kolerud for å fullføre romantrilogien om Vassbygda.

Opna tre festivalar på tre månader

7. juni, 24. august og 7. september opna Dei nynorske festspela, Litteraturdagane i Vinje og Ulvik poesifestival. Med 14 585 gjester til saman, sette Nynorsk kultursentrum publikumsrekord for festivalane både på Sunnmøre og i Telemark.

– Vi er svært godt nøgde med å nå breiare ut med tilbodet på Dei nynorske festspela. Publikumsrekorden med 7 878 gjester i 2018 viser at Festspela har blitt relevant for fleire, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet Gaute Øvereng.

Fornyar tilboda til gjester i heile landet

Nynorsk kultursentrum fekk for første gong over 900 000 kr i private gåver. Sparebanken Vest, Sparebank1 Søre Sunnmøre og Fritt Ord var dei største givarane. Dette har gjort det mogleg å fornye mange av publikumstilboda. 2018 er det året med nest flest gjester på arrangement og i utstillingane nokosinne, og rekordmange brukte dei digitale tenestene til Nynorsk kultursentrum.

– Nynorsk kultursentrum oppsøkjer publikum der dei bur. I 2018 hadde vi arrangement eller utstillingar i 58 kommunar. Vi er relevante for mange, men skal òg bli relevante for fleire. Mange av fornyingane vi gjorde i 2018 vil nye gjester møte i 2019 og åra framover, avsluttar direktør Per Magnus F. Sandsmark.

 

Nynorsk kultursentrum 2018

• Arrangement og utstillingar i 58 kommunar i 9 fylke: Alstahaug, Askvoll, Aukra, Austrheim, Bø i Telemark, Bømlo, Dovre, Eidfjord, Fjaler, Flora, Fræna, Førde, Gaular, Gausdal, Giske, Gjøvik, Granvin, Gulen, Hareid, Hurum, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Krødsherad, Kvam, Lenvik, Lier, Lillehammer, Lindås, Masfjorden, Modalen, Modum, Naustdal, Nedre Eiker, Nord-Fron, Nordre Land, Os, Oslo, Røyken, Sel, Sigdal, Skodje, Stranda, Stryn, Tokke, Ullensvang , Ulstein, Ulvik, Vefsn, Vestnes, Vestre Slidre, Vestre Toten, Vinje, Volda, Voss, Ørsta, Østre Toten og Ålesund

• 38 054 gjester på arrangement og utstillingar, 698 574 besøk på nettstadene og 23 367 følgjarar i sosiale medium

• Sidan 2000 har meir enn 6 millionar menneske brukt tenestene frå Nynorsk kultursentrum, som har hatt arrangement eller utstillingar i 187 norske kommunar i alle fylka i landet og sju byar i andre land

• 24 stiftarar og partnarar, mellom dei fem fylkeskommunar, heile målrørsla og mange universitet og høgskular

• 20 fast tilsette, 43 deltidstilsette og over 100 frivillige

• Eig og driv Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Vinje-senteret, Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival, Litteraturdagane i Vinje, nettleksikonet Allkunne og barnenettstaden Tunkatten.no

• Medeigar i Norsk Barneblad

• Forvaltar Vinje-fondet for nynorsk i pressa på oppdrag frå Kulturdepartementet

• Leier arbeidet i Nynorsk forum og International Network of Language Museums