Ideens ringverknader
Per Halse, Lodve SolholmFoto: Nynorsk kultursentrum

Ideens ringverknader

Kronikk av rådsordførar Per Halse og styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum

Den 31. august 2018 fekk Nynorsk kultursentrum gjest og brukar nr. 6 000 000. Kven det var veit vi ikkje, men han eller ho var truleg innom ein av dei ni nettstadene våre. Ringverknadene av den stiftinga som blei skipa for 25 år sidan, er større enn nokon skule tru.

Den store ideen om å etablere Ivar Aasen-tunet tok form hausten 1990. I 2018 hadde den ideen breidd seg til å bli ein institusjon med fire driftsavdelingar i tre fylke, tre festivalar og altså ni nettstader. Vi har gjennomført bort imot 6000 arrangement i 180 kommunar i alle fylka. I større eller mindre grad har utøvarar og gjester over heile landet fått merke at Nynorsk kultursentrum finst. Og då har vi ikkje rekna med dei mange tusen kundane i butikkane våre.

Dei faglege ringverknadene er dei viktigaste. Frå første stund handla det om å ha noko å fare med, vite noko som ikkje alle andre alt veit, fortelje til andre om det vi har funne ut og det vi meiner om saker og ting. Pionerane frå 1990-åra la stor vekt på at den nye institusjonen skulle setje dagsorden og altså utøve definisjonsmakt. Mange bøker er skrivne og utstillingar laga, og mange fleire omvisingar og talar er halde med kunnskap som ikkje var der før Nynorsk kultursentrum kom til.

Gong på gong har direktør Ottar Grepstad peikt på at forståinga av språk har endra seg verda rundt frå 1990-åra og framover. Nynorsk kultursentrum har sjølv vore ein del av dette skiftet. Vi har vist kvifor nynorsk og bokmål er to norske språk, ikkje to målformer av eitt språk. Likeins har vi konsekvent arbeidd ut frå ei forståing av at både dikting og sakprosa er litteratur, og at både diktbøker og songar er lyrikk. Og då har vi ikkje ein gong nemnt kor viktig det har vore å presentere den nynorske tradisjonen ut frå sine eigne føresetnader, slik pionerane skreiv alt i 1991.

Røynslene frå alle desse åra, både det vi fekk til og det vi ikkje fekk til, har vi delt med tallause institusjonar i inn- og utland. Rundt om er det mange som gjer ting på ein bestemt måte i dag fordi dei følgjer råd dei har fått av oss, slik vi også har lært endelaust mykje av mange andre.

Dei økonomiske ringverknadene har ikkje vore mindre enn dei faglege. Når kulturinstitusjonar skal etablerast, spør ein alltid om det er for dyrt og om det er noko anna ein heller skal prioritere. Slik var det med Aasen-tunet og Hauge-senteret, i mindre grad med Vinje-senteret. Dei økonomiske ringverknadene av slike institusjonar blir sjeldan dokumenterte sjølv om ein veit ganske godt kor mykje pengar institusjonane og dei tilsette legg att i lokalsamfunna.

Då ideen om Ivar Aasen-tunet skulle realiserast, var motstanden størst i Volda. Våren 1996 var Volda kommunestyre gjennom heile 17 voteringar i eitt og same møte før ein med 18 mot 15 røyster vedtok ei eingongsløyving på 4,1 millionar til bygginga av Aasen-tunet. Tre månader før hadde Stortinget vedteke at alle ordinære driftstilskot til den nye institusjonen skulle kome frå staten. Likevel meinte mange kommunepolitikarar i både Volda og Ørsta at prislappen var for høg.

I åra 2001–2017 hadde Nynorsk kultursentrum samla inntekter på 346 millionar rekna i 2018-kroner, Av dette løyvde kommunane Ørsta, Volda, Ulvik og Vinje 12 millionar i driftstilskot. Før 2011 kom slike tilskot berre frå Ørsta og Volda, alt i alt 0,9 millionar til Dei nynorske festspela. I det same tidsrommet fekk kommunane vel 20 millionar i skatt, og institusjon og tilsette brukte truleg over 200 millionar lokalt. For kvar kommunal krone gjekk dermed minst 15 kroner tilbake i lokaløkonomien, i Ørsta og Volda endå meir. Då er ikkje ei einaste krone frå tilreisande gjester rekna med.

At ein slik institusjon blir bygt opp, får også menneskelege ringverknader. Gjennom verv, arbeidsavtalar, skriveoppgåver, problemløysing har mange fått dele kunnskapen sin med andre og fått mykje tilbake. Mange hundre menneske var med då ideane om Aasen-tunet, Hauge-senteret, Vinje-senteret, Allkunne og Dei nynorske festspela skulle konkretiserast. Med åra er det blitt mange hundre frivillige ved denne og dei andre festivalane våre, og nokre har jamvel vore med like frå 1992. Vi har trengt kvar einaste frivillige, men over tid kjem dei frivillige til kort utan ein profesjonell organisasjon som driv det heile fram.

Til og med 2018 hadde 270 lønte medarbeidarar utført nærmare 300 årsverk hos oss. Meir enn tusen menneske måtte til for å utvikle ein institusjon som Nynorsk kultursentrum, og då er ikkje ein einaste utøvar rekna med.

Det er lettare å takke enn å fatte omfanget av det som er gjort, men vi prøver så godt vi kan!