Ein ettertanke
Ottar GrepstadFoto: Lars O. Flydal

Ein ettertanke

av direktør Ottar Grepstad

I

Kva har dei funne på no?

Eg spurde meg sjølv og fekk berre middels svar. Det var ein dag i november 1990, Jostein Nerbøvik hadde ringt og fortalt opprømd, han må ha vore opprømd, at no skulle det bli eit nytt og stort museum i Aasen-tunet. Kvifor det, tenkte eg i mi fåkunne der eg sat på eit kontor i Det Norske Samlaget i Oslo. Kunne det vere så viktig?

Kvifor eg var så reservert, er eg usikker på. Det handla ikkje om pengar. Eg trur det meir var eit spørsmål om dette var strategisk viktig nok. Den villfaringa gjekk over etter få dagar då eg forstod at no var eg blitt fanga av sentrumsblikket på verda.

 

II

Tre månader seinare drog ein heil gjeng vestover på nasjonal konferanse i Ørsta. Leiaren i kyrkje- og undervisningskomiteen, ein statssekretær, andre som hadde noko med det. I Florø venta kråka utan at det hjelpte stort, for snøbygene dreiv altfor tett over Hovden. På Vigra var dei som vanleg overraska over at eit fly kom ramlande utanfor skjema, men vi nådde såvidt tak i etterfesten i Ørsta ut på natta.

På bussen hadde vi gjennomført vårt eige seminar om saka og var ganske ferdigsnakka. Eit og anna var det å seie om framlegget til programnotat om det nye nasjonale dokumentasjons- og opplevingssenteret, men det meste handla om å støtte initiativet og ideen og gjere det vanskeleg for skråsikre skeptikarar å vri seg unna. Vi visste det var viktig at vi frå Oslo støtta prosjektet, og vi sa det som trongst, trur eg.

 

III

Sommaren 1992 kom ein tjukk konvolutt i posten. Fleire tital menneske blei bedne om å kommentere framlegg til forprosjektrapport om det nye Aasen-tunet. Dei kommentarane ligg trygt arkiverte og er blant dei mest interessante aktstykka frå desse første åra.

Eitt brev var datert 16. juli 1992 og skrive på datapapir. Ja, det bør handle om skriftkultur, stod det. Nei, ikkje heile skriftkulturen, men skjønnlitteraturen, meinte brevskrivaren. Det er viktigare å studere manuskripta til Tarjei Vesaas enn menyane frå kaffistovene, skreiv han. Styr unna sosiologisk eller antropologisk påverka samfunnsforsking om nynorsk, skreiv han. Men no står det mykje om Ivar Aasen, knapt noko om A.O. Vinje og Olav H. Hauge er ikkje nemnd, skreiv han. Gå heilt inn i samtida, skreiv Jon Fosse.

Det siste hadde Fosse rett i, der han sat i Bergen og skreiv fram endring i forprosjektrapporten. Avgrensinga til skjønnlitteratur fekk han heldigvis ikkje medhald i. Det ville ha vore å isolere senteret på ei øy utanfor strie straumar av skrift. Litt synd er det no, for hadde mange nok tenkt som Jon, ville iallfall eitt namn ha mangla på lista over dei som søkte om å bli direktør i Nynorsk kultursentrum for 20 år sidan. Og då kunne eg ikkje fortalt dette.

 

Ottar Grepstad