– Ikkje grunnlag for Diktarhuset i Lom

– Ikkje grunnlag for Diktarhuset i Lom

– Det er både faglege og kulturpolitiske grunnar til at administrasjonen i Nynorsk kultursentrum ikkje ønskjer å gå vidare med å etablere Diktarhuset i Lom. Det seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i ein kommentar til utgreiinga «Diktarar og dialektar» som Nynorsk kultursentrum offentleggjorde måndag.

Utgreiinga syner at grunnlaget ikkje er til stades for å etablere det planlagde Diktarhuset som ei fullverdig driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum. Ein alternativ idé om å etablere Dialekthuset blir utvikla i utgreiinga, men også den blir lagd til sides. I staden får kommunane Skjåk, Lom og Vågå eit tydeleg råd om å satse mykje meir på institusjonar og tiltak som alt finst.

No skal styrande organ i både kommunane, fylkeskommunen og Nynorsk kultursentrum vurdere vegen vidare. – Vårt styre tek truleg stilling på eit møte i desember, seier Sandsmark.

Les heile rapporten her (pdf)

Innhaldsrik utgreiing

Utgreiinga «Diktarar og dialektar» om ein mogleg kulturinstitusjon i Ottadalen er på over 200 sider. Ho er finansiert av Oppland fylkeskommune og dei tre kommunane i dalen. Dette var det siste Ottar Grepstad gjorde før han gjekk av med pensjon 1. november. – Eg skulle ønskje det var mogleg å gi ei positiv tilråding, og eg veit at gode kulturkrefter i dalen blir skuffa, men det var for mange piler som peika feil veg, seier Grepstad.

Både Diktarhuset og Dialekthuset må ha minst fire faste årsverk. Eit skissebudsjett viser at det truleg vil koste 23,7 millionar å etablere ein slik institusjon i Lom med eit komplett innhald. Kommunane Skjåk, Lom og Vågå må rekne med samla årlege driftsløyvingar på 1,6 millionar og Oppland fylkeskommune 0,8 millionar.

– Uavhengig av konklusjonane var det viktig å utgreie saka grundig, og eg vonar at dokumentasjon og analysar er til nytte for både kommunane og kulturaktørane. Eg viser mellom anna dei mange positive ringverknadene ved slike kulturtiltak, som er mykje meir enn utgiftspostar i kommunebudsjett, seier Ottar Grepstad.

 

Nyanserte vurderingar for og mot

Det var i 2009 at ideen om Diktarhuset i Lom blei lansert, og eit forprosjekt blei avslutta i 2015. Ideen var knytt til dei store, døde diktarane frå dalen. Grepstad har ikkje funne den fellesnemnaren som kunne forme ein høgare himmel over dei livsverka, og som ikkje alt er dekt av andre museum og kulturinstitusjonar. Han har i utgreiinga utvikla ein alternativ idé om Dialekthuset som eit internasjonalt senter for talemål, men kom til at det bør plasserast i eit meir urbant miljø.

I utgreiinga syner Grepstad til den kulturhistoriske tyngda bygdene i Ottadalen har, og kor viktig språkleg Ottadalen er i eit nasjonalt perspektiv. Der er sterke kulturmiljø i Ottadalen, og dei har alle ivra for å få til dette. Sommartrafikken i Lom er svær, men ein institusjon som dette må kunne drive heile året. Etter planen skulle den nye institusjonen lokaliserast til etasjen over Lom folkebibliotek midt i Lom sentrum. Plasseringa er optimal, men arealet for lite. Institusjonen vi disponere om lag 340 m2 i den etasjen, men treng 130 m2 til og er då framleis liten i nasjonal målestokk. Det er også blitt mykje vanskelegare å etablere nye, riksdekkjande kulturinstitusjonar, og det stiller store krav til vertskommunane.

 

Sats meir eller mist eldsjeler

Grepstad meiner at kommunane alltid er den viktigaste enkeltfaktoren når ein ny institusjon skal realiserast. Dei må vilje sterkt og evne mykje. Han rår til at kommunane vurderer nøye korleis dei kan styrkje dei institusjonane og miljøa som alt finst, særleg Gudbrandsdalsmusea, Diktardagar og biblioteka.

– Satsar ikkje kommunane meir, er det mitt inntrykk at ein risikerer å miste entusiasme, og at eldsjeler prøver å finne seg anna å gjere. Kan denne utgreiinga vere med og hindre det, var ikkje dette til fånyttes, seier Ottar Grepstad.