Sal på bøker i tunet
Foto: Aasen-tunet

Sal på bøker i tunet

Butikkansvarleg i Ivar Aasen-tunet har rydda på lageret og lagt fram eit rikt utval av rimelege bøker.

Her er det gode moglegheiter til å sikre seg fleire godbitar frå lageret til butikken i Ivar Aasen-tunet, seier butikkansvarlig Anders Kalvatn. Når det gjeld sjangrar finn ein titlar både for born og vaksne og forfattarar som Edvard Hoem, Rønnaug Kleiva, Arnfinn Kolerud, Ottar Grepstad, Bente Bratlund og Lars Mæhle står på salslista. Og inga bok kostar over hundre kroner, seier Kalvatn.
Salet vil bli ståande ei stund ut over hausten så det er berre å ta turen når det måtte høve, vi har ope kvar dag utanom laurdagar.