Lucky Luke og dikthjul på plass i utstillingane
Fire nye forfattarpresentasjonar er på plass i basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet.Foto: Anders Aanes

Lucky Luke og dikthjul på plass i utstillingane

Kva har Linda Eide og Ivar Aasen til felles? Kan kåseriet Oddgeir Bruaset skreiv om eit Bjørnson-sitat ha medverka til at han blei NRK-journalist? Og kva har Lucky Luke med festspeldiktar Agnes Ravatn å gjere?

Det desse personane har til felles, er iallfall at dei no er utstilte i Forfattarrommet i basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet. Den prisløna forfattaren Lars Mæhle (Landet under isen og Keeperen til Tunisia) er også mellom dei fire som er komne inn i dette rommet, som blir endra med jamne mellomrom.

I tillegg til ein kort tekst om forfattarane, bøkene deira og ein perm med bibliografi og utvalde avisartiklar, utfordrar vi kvar gong forfattarane sjølve til å sende oss ein unik gjenstand som har vore viktig for dei, anten i karrieren eller livet. Dei fleste skriv òg ein liten tekst som forklarer historia bak gjenstanden.

Dikthjul for store og små

Basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet fekk i fjor ei rekkje nye installasjonar og utstillingselement, og fleire skal kome til. No er endeleg dikthjulet kome på plass i Språkverkstaden. Dikthjulet, som eigentleg er fire hjul

Lucky Luke og dikthjul på plass i utstillingane
Dikthjulet i Aasen-tunet er på plass.
 (tostore, to små) med ord på som kan snurrast kvar for seg, er inspirert av Olav H. Hauge sitt dikt «Katten». Eitt og eitt ord frå kvart hjul kjem til syne i eit felles midtfelt og dannar eit dikt, eller ei kort utsegn. At det skal vere meir å røre ved i utstillinga har vore eit mål i utstillingsfornyinga Høgt og lågt.

Dikthjulet er sjølvsagt plassert i barnehøgd.

Lucky Luke og dikthjul på plass i utstillingane
Dikthjulet kan skape mange kombinasjonar av ord. Foto Anders Aanes