Bok på 1–2–3

Bok på 1–2–3

I samband med Bokåret 2019 tilbyr Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet gratis undervisningsopplegg til utvalde nynorske barnebøker.

Undervisingsopplegga finn du her.

– Vi ønskjer at Bok på 1–2–3 skal vekkje interesse for nynorske barnebøker med ulike tema. Opplegga skal vere prega av leik, undring og læreglede. Tanken er at dei skal vere enkle å ta i bruk, fortel Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret.

Ni barnebøker

I samarbeid med Ivar Aasen-tunet har dei plukka ut ni barnebøker som dei vil presentere i løpet av bokåret. – Bøkene vil vere tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad slik at lærarane kan bruke dei på storskjerm i klasserommet, forklarer Ida Karin Aarflot Kornberg ved Ivar Aasen-tunet.

Boktipsa og undervisningsopplegga vil vere tilgjengelege på Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet sine nettsider utover dette.

Tverrfagleg

Bok på 1–2–3 er i hovudsak laga for barneskulen. – Vi ønskjer å vise korleis ein kan arbeide tverrfagleg med litteratur, seier Gjøsdal og Kornberg.

Til den første boka, Arkimedes og brødskiva, er det laga eitt opplegg for 1.–4. steg og eitt for 5.–7. steg. Bøkene og delar av undervisningsopplegga kan også nyttast i ungdomsskulen.

– Biletbøker er ikkje berre for dei yngste elevane. Bøkene inviterer også til analyse av tekst og bilete for dei eldste i grunnskulen, seier dei.

Pressemelding av Nynorsksenteret. 

For meir informasjon, ta kontakt med formidlar Ida Aarflot Kornberg i Aasen-tunet: ida.kornberg@aasentunet.no eller prosjektleiar Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret: guro@nynorsksenteret.no