Barnekunstutstilling

Kvar haust har vi barnekunstutstilling i Ivar Aasen-tunet.

Barnehagar i regionen blir invitert til å vere med på den årlege barnekunstutstillinga der vi brukar ei nynorsk barnebok som utgangspunkt for arbeidet. Barnehagane som melder seg på, får eit eksemplar av boka i gåve frå forlaget. Barnehagane les boka og lagar kunst som passar til tematikken i forteljinga. Kunsten barnehagane leverer blir utstilt i Aasen-tunet.

Opningsdagen kjem ungane som har laga kunst på besøk til Aasen-tunet og vi inviterer til høgtideleg opning med song, snorklipping og varm kakao.

Vi har hatt utstillingar både ute og inne. I 2014 var utstillinga inne. Då var det rekordpåmelding med 27 barnehagar og over 400 barn som bidrog med kunst. Hausten 2018 var over 300 barn med på utstillinga. Utstillinga heng oppe for publikum heilt fram til jul.

Vi har hatt barnekunstutstillinga i Ivar Aasen-tunet sidan 2008. Det første året var tunkatten Lurivar si songbok på Lurivar.no utgangspunkt for utstillinga. Sidan 2009 har vi brukt nynorske barnebøker. Du kan sjå bilete av kunsten ved å klikke på boktittelen. 

 

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna

• uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar
• bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar
• møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer

Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna

• bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede
• får arbeide med inntrykk og kjensler i møte med kunst, kultur og estetikk gjennom skapande verksemd ute og inne
• møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre
• bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk
• kjenner seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle

(Rammeplan for barnehagen, 2018)

 

 

 

(Sida er under arbeid, omtale og bilete frå tidlegare utstillingar kjem.)

 

 

For meir informasjon, kontakt formidlar Ida Kornberg

ida.kornberg@aasentunet.no 70 04 75 81