Frå høge himmel - jolekonsert i Ulvik kyrkje​

Åshild Vetrhus har med seg Andreas Ulvo og Morten Barrikmo når dei gjestar Ulvik med jolesalmar frå Rogaland laurdag 11. desember. 

Haugesenteret inviterer til jolehøgtid der publikum får høyra tradisjonsrike jolesalmar med lokale melodiar. Salmane er henta frå samlinga til Folkemusikkarkivet for Rogaland ved Ryfylkemuseet, og står i sterk kontrast til nisseskjegg og glitter som pregar mykje av den moderne jolefeiringa. Desse tekstane rommar også angst og mørke, og bodskapen i salmane er å vera tilfreds med lite.  

Åshild Vetrhus (folkesong), Morten Barrikmo (klarinettar) og Andreas Ulvo (piano, synth) kjem til Ulvik med eit repertoar frå joleplata «Frå høge himmel» som kom ut i fjor. Dei inviterer til ein konsert med salmar som har overlevd på ulikt vis frå generasjon til generasjon. Griseslaktarar, autodidakte kirurgar, jegerar, ordførarar, liksongarar og bønder frå Rogaland har vore med på å vidareføra songen som ga løfter og håp. No fører Vetrhus, Barrikmo og Ulvo salmane vidare og med håp om betre tider. 

– Me ser fram til å presentera nokre av landets leiande folke- og jazzmusikarar til konsert med ein bodskap som det er viktig å bli minna på i desse tider, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret.    

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk