Familiedag med lesestund og barnekunstutstilling

Forfattar og illustratør Marianne Gretteberg Engedal kjem til Haugesenteret og les frå boka Pølsetjuven 20. november. Det blir også opning av Ulvik barnehage si utstilling med same namn denne laurdagen.  

Boka Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er – og om å tore å leve slik  ein  ønskjer. Hovudpersonen i boka er Kjell, ein tjuv som ikkje vil vera tjuv. Kva gjer ein då?  
– Engedal har skrive ei viktig og vittig bok med eit sjeldant detaljrikt visuelt univers. Me ser fram til ein fargerik fest av ein familiedag seier programansvarleg Jorid Lekve Eide. 

Vetteavdelinga i Ulvik barnehage har alt lese denne boka og brukt historia om Pølsetjuven til å laga sine eigne teikningar og skulpturar. Alle Pølsetjuv-kunstverka blir stilt ut i Poesiverkstaden i Haugesenteret
når forfattaren sjølv kjem på besøk.  

Forfattar og illustratør Marianne Gretteberg Engdal debuterte som barnebokforfattar med Pølsetjuven i 2019. I år kom oppfyljaren Polititjuven ut. Begge bøkene har hausta strålande kritikk for sitt  rikhaldige  univers. For Pølsetjuven vann Engedal Kulturdepartementets bildebokpris 2019.  

Om boka Pølsetjuven  
Familien til Kjell er tjuvar, men Kjell har ikkje lyst til å stela ting frå folk. Det einaste han stel, er ting som ingen eig lenger. «Å plukke søppel er ikkje å stele, det er å rydde. Tjuvar ryddar då ikkje», seier mor hans oppgjeven. Det heile toppar seg når venen til Kjell, Pølse-Per, dreg på ferie. Då krev familien at Kjell skal vera med og stela frå huset til pølsefamilien. Men må Kjell vera ein tjuv, berre av di familien hans er tjuvar? (Nynorskbok.no)   

 

Familiedag i Haugesenteret 
Laurdag 20. november kl. 14.00 
Billettar finn ein på haugesenteret.no  

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk