Tiltak mot koronavirus ved Hauge-senteret

Avlyser alle opne arangement 

Hauge-senteret set inn tiltak mot koronavirus og avlyser alle opne arrangement til og med påske. Ulvik poesifestival i september er førebels ikkje avlyst.

I samband med situasjonen kring det nye koronaviruset set Hauge-senteret inn ei rekkje tiltak i vekene som kjem. Alle opne arrangement ved Hauge-senteret vert avlyst. Dette gjeld førebels til og med påske. Utstillingane og butikken vil også vere stengt inntil vidare.

Ulvik poesifestival skal etter planen gjennomførast 11.-13. september, og desse planane er ikkje endra førebels. Nynorsk kultursentrum vil følgje med på alle råd frå styresmaktene og gjere naudsynte tilpassingar undervegs.

Nynorsk kultursentrum gjer også naudsynte tiltak overfor dei tilsette. Ingen deltek på kurs, konferansar eller andre samlingar i tida som kjem, og alle tilsette er frårådd å reise utanlands også privat. Mange tilsette vil ha heimekontor i dagane som kjem, men vareleveransar og liknande vil framleis vere mogleg.

Spørsmål om utleigearrangement kan rettast til post@haugesenteret.no.

For meir informasjon:

Dagleg leiar Geir S. Netland, tlf. 900 38 286, e-post: geir.netland@haugesenteret.no

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk