Einars veg

Premiere på dokumentarfilmen Einars veg og litterær samtale mellom Einar Økland og Jan H. Landro. 

Forfattaren og samlaren Einar Økland feira 80 år i år. Han har skrive dikt, romanar, barne- og ungdomsbøker,  og har gjennom essay, artiklar og bøker belyst mange tema i norsk kulturhistorie og skriftkultur. Økland sitt omfattande arbeid fortener stor merksemd. Nynorsk kultursentrum har difor invitert forfattar og kulturjournalist Jan H. Landro til å samtale med Økland om forfattarskapen.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Bergen Internasjonale Filmfestival. Les meir på BIFF sine heimesider.
Her finn du også lenke til billettkjøp. 

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk