Fullt uteamfi tre kveldar på rad
Dei nynorske festspela 2019. Festspelopning i uteamfiet. Carl Frode Tiller les ein ny tekst med musikk frå gitarist Stian Westerhus. 13.6.2019.Foto: HumbersetFoto

Fullt uteamfi tre kveldar på rad

Strålande sommarvêr bidrog til godt besøk for Dei nynorske festspela i år. Festspeltemaet «Forteljingar» gav publikum gode samtalar, musikalske reiser og fleire litterære høgdepunkt i Bokåret 2019, med festspeldiktar Carl Frode Tiller i spissen.

– Det er stort å få vere den første festspeldiktaren frå Trøndelag. Dette har vore ein fantastisk festival på alle måtar. Gode programpostar, vakre og velorganiserte rammer i Aasen-tunet og avslappa stemning blant hyggelege folk. I slike omgivnader kjenner ein seg vel, til og med på scena, oppsummerer festspeldiktar Carl Frode Tiller.

Publikum møtte Tiller i fleire samtalar, skodespelarar frå Det Norske Teatret las frå siste romanen Begynnelser og han framførte heilt nye og upubliserte tekstar under festspelopninga torsdag.

Det er også laga ei temautstilling om Carl Frode Tillers litterære univers, som vil vere tilgjengeleg i Aasen-tunet heile sommaren og hausten.

Fullt uteamfi tre kveldar på rad
Dei nynorske festspela 2019. Mari Boine. Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet, 14.6.2019. Oppvarming ved Ánná Káisá Partapouli.

– Med utgangspunkt i årets tema har vi fått høyre og oppleve eit stort mangfald av forteljingar gjennom litteratur, musikk og spennande samtalar. Eg synest vi lykkast spesielt godt med å framheve ulike sider av samisk kultur i år, som har vore eit poeng i høve UNESCO si markering av året for urfolksspråk, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet. Det førebelse publikumstalet er 6 107, og billettsalet er 10 prosent over budsjettmålet. Gjestetalet er det nest høgste dei siste åtte åra.

I år har det vore festspelarrangement i vertskommunane Ørsta og Volda, men også i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. – Vi har eit velfungerande maskineri av frivillige, samarbeidspartnarar, tunassistentar og fast tilsette, som står på og gir av seg sjølve. Det er vi svært stolte av. Til saman har over 70 personar vore med og laga festspel, seier konstituert leiar Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet.

– No når festivalen er over kjenner eg stor takksemd for alle involverte. Vi har opplevd særs gode tilbakemeldingar frå både publikum og utøvarar, og elles kan vi ikkje få sagt nok gonger kor flott det er med gode samarbeidspartnarar i vertskommunane våre som samla hundrevis av folk til arrangement som festspelfrukost, 12-konsert, kunstutstillingar og Voldafestivalen, avsluttar Opsvik.

 

DEI NYNORSKE FESTSPELA

• Ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen

• Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 28. gong

• Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst

• Om lag 70 medarbeidarar og frivillige avvikla 61 arrangement

• Om lag 180 utøvarar var med på Festspela

• Årsbudsjett på 2,2 millionar kroner

• I 2020 blir Dei nynorske festspela arrangerte 11.–14. juni med Stein Versto og Odd Nordstoga som festspeldiktarar.