Festspelprogrammet 2019
Dei nynorske festspela 2019Foto: Design: Thomas Lewe

Festspelprogrammet 2019

Forteljingar er ein grunnleggjande måte å forstå livet på – men korleis blir dei fortalde, og er nokre forteljingar viktigare enn andre?

Temaet "Forteljingar" er grunnsteinen i programmet for Dei nynorske festspela, og publikum kan vente seg programpostar som vil underhalde og utfordre. Olaug Nilssen, Maria Parr, Kjartan Fløgstad og festspeldiktar Carl Frode Tiller er nokre av forfattarane som kjem til Festspela 13.–16. juni.

I desember blei det kjend kven som skal ha dei tre kveldskonsertane på Dei nynorske festspela, og salet av festspelpass og konsertbillettane til BokkeReidars BluesBand med Side Brok som gjester, Sigvart Dagsland og Mari Boine er godt i gang. No er Festspela klart med eit breitt program med samtalar om språk, litteratur, historie og meir.

– Vi gleder oss stort til å vise fram alt det andre vi har planlagt. Bokåret 2019 blir feira over heile landet, og vi ønskjer å nå breitt ut og skape ei stor feiring i Ørsta og Volda i juni, seier dagleg leiar Gaute Øvereng.

Opning i Uteamfiet

For å nå ut til endå fleire, har opninga av festivalen fått ein ny vri. I Uteamfiet vil festspeldiktar Carl Frode Tiller setje stemninga med eit lengre innslag saman med den spennande gitaristen og lydkunstnaren Stian Westerhus. Olaug Nilssen står for opningstalen, og til slutt vil Festspela nytte høvet til å vise fram Runar Gudnason sin variant av «Nordmannen». Til det avsluttande stemnet på søndagen kjem Kjartan Fløgstad saman med musikarane Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Jorunn Marie Kvernberg for å framføre konserten Sandharpesongar, og årets stemnetale blir ved Maria Parr.

Samtalar og foredrag

I tillegg til konsert, vil Mari Boine stille til ein samtale om å vekse opp i den norske skulen som samisk språkbrukar. Der vil ho også møte den unge artisten Ánná Káisá Partapouli, som i fjor blei kåra til Årets unge samiske kunstnar under Riddu Riđđu-festivalen. Partapouli vil også vere oppvarming for Boine same kvelden.

– Temaet i år er vinkla mot dei mange grunnforteljingane som pregar oss som individ og samfunn, anten det er utforming av historiebøkene, forteljingar om mødrer og fødsel, eller Bibelen, fortel programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik. Egil Olsen og forfattar Anna Kleiva skal dele reiseskildringar frå underhaldningsindustriens hovudstad, Los Angeles. Der blir også eit underhaldande foredrag om kroppsvæsker ved forfattar Åsmund H. Eikenes og NRK-journalist Per Olav Alvestad.

Forteljarstemmer

– Litteraturen står sentralt under Dei nynorske festspela. Vi vil utforske korleis ulike forteljarstemmer formar oss, fortel Opsvik. Festspeldiktar Carl Frode Tiller er definitivt ei av desse viktige stemmene, og forfattarskapen hans vil bli vist fram både gjennom samtale med Olaug Nilssen, ei omfattande temautstilling og ikkje minst lesing ved skodespelarar frå Det Norske Teatret. Til opninga av temautstillinga skal ein litteraturkritikar, Eivind Myklebust, ein forfattar, Ruth Lillegraven, og bibliotekar i Ivar Aasen-tunet, Siri Beate Gjerde, fortelje om korleis dei opplever bøkene hans. Tiller vil også sjølv delta i samtale om ei av forteljarstemmene som har vore viktig for han, nemleg 60-årsjubilanten Jon Fosse.

Mellom mykje anna vil også fjorårets vinnar av Brageprisen, Tore Kvæven, lese og fortelje om romanen sin Når landet mørknar i eit naust ved Ørstafjorden.

Program for barn og ungdom

I 2018 hadde Dei nynorske festspela for første gang eit omfattande program ute i skulane, og slik blir det også i år. Forfattarane Anders Totland, Ruth Lillegraven og Rolf Losnegård skal nå ut til hundrevis av elevar i løpet av festspeldagane. Fjorårets samarbeid med Kaihuset i Ørsta held også fram i år, og fredagen blir det ei heilt ny Lurivar-framsyning for lokale barnehagar og andre interesserte. Barnebokforfattar Vegard Markhus deltek på arrangement i sentrum i både Ørsta og Volda.

Uvurderlege samarbeidspartnarar

Tradisjonen tru blir det festspelfrukost i Ørsta sentrum, arrangement på kafear, kunsthuset og festspelgudsteneste søndagen. I Volda går Festspela inn i eit nytt samarbeid med Volda læringssenter om Voldafestivalen. – Den lange rekkja av fantastiske samarbeidspartnarar og frivillige, er enormt viktige for oss. Festivalen hadde ikkje vore det same utan. Å få samarbeide med så mykje gode folk lokalt, regionalt og nasjonalt, gjer det også endå kjekkare å jobbe med Festspela, seier Gaute Øvereng.

Sjå heile programmet her 

Kjøp billettar