Endringar i festspelprogrammet

Endringar i festspelprogrammet

Forfattar Olaug Nilssen må avlyse sitt besøk til Dei nynorske festspela. Det har ført til nokre viktige endringar i programmet. I oversikta under, er også ei oversikt over andre endringar.

Olaug Nilssen er ein kjend og allsidig forfattar med fleire viktige oppdrag under Dei nynorske festspela 2019.

– Det er veldig synd at Nilssen må avlyse. Både ho og vi hadde sett fram til innslaga ho skulle delta på. Heldigvis har vi fått på plass gode erstatningar, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

Nilssen skulle både halde årets opningstale, delta på ein samtale under Målbar ved Møre Folkehøgskule og intervjue festspeldiktar Carl Frode Tiller. Det måtte tre nye utøvarar til for å fylle hennar sko. Årets opningstale vert no ved filolog og forfattar Kristin Fridtun. Under Målbar skal Egil Olsen halde ein eksklusiv konsert med sine eigne, nynorske gjendiktingar av eigne songar, medan litteraturkritikar Margunn Vikingstad skal samtale med festspeldiktaren.

Oversikt over endringar etter at programmet gjekk i trykken:

Torsdag
Kaihuset: Novellekurs med Joakim Hunnes (ikkje Ingunn Røyset)
Festspelopning: Opningstale ved Kristin Fridtun (ikkje Olaug Nilssen)
Målbar: Minikonsert med Egil Olsen (ikkje programpost med Olaug Nilssen og Ruth Lillegraven)

Fredag:
Festspeldiktaren: Carl Frode Tiller samtalar med Margunn Vikingstad (ikkje Olaug Nilssen)
Forteljingar om mor og barn: Samtaleleiar er Kristin Fridtun (ikkje Heidi Fagna)
Norsk røyndom: Kristin Fridtun deltek i samtalen (ikkje Bjørn Hattestad)

Laurdag:
Forteljinga om oss: Ingar Kaldal har meldt avbod til samtalen. Paneldeltakarane er Kjartan Fløgstad, Eli Bjørhusdal og Inger Marie Okkenhaug. Samtaleleiar er Heming H. Gujord.
Verda den vide: Mervi Skopets (ikkje Marja Liisa Olthuis)

Sjå årets festspelprogram

Kjøp billettar