Hilde Myklebust heidra med Diktartavla 2020

Hilde Myklebust la ned si Diktartavle på Diktarstien på Utne 12. september.
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidra Hilde Myklebust med Diktartavla laurdag 12. september på Utne. Konservator ved Hauge-senteret, Stein Arnold Hevrøy, innleia om Myklebust sin forfattarskap. 

Natur, teikn og varleik i forfattarskapen til Hilde Myklebust

av Stein Arnold Hevrøy

«Slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget / og vinden eit korn av salt»; slik skildrar Olav H. Hauge eit vesentleg trekk ved poesi i «Kom ikkje med heile sanningi». Med andre ord kjem dikt med meldingar og bodskap som dei ikkje seier rett fram kva er. Slik kan ein også forstå dikta til Hauge som er såkalla enkle, som det med katten som «sit i tunet», eller sleggja som «stend der». For om katten er «varast i garden» har vi jo noko å lære av den. Ja, det sit jo nokre auge der inni diktet som ser og legg merke til meir enn det vi gjer. Det fins varare vesen enn kvardagsmenneske på garden. Så er det likevel slik at eg-et, den som fører ordet i diktet, har lagt merke til at det er slik. Kanskje diktet oppmodar om å vere open for dette som er annleis, og forsøke å sjå og sanse omverda på nye og hittil kanskje ukjende måtar?

I lyrikken til Hilde Myklebust finst også opningar mot noko hittil ukjend, som i dette diktet frå den andre diktsamlinga hennar, Søkk:

eple

Den fyrste kvilelause sommaren

då lyset snudde og stemte meg

tok eg til å legge meg heilt

naken i senga om kvelden

Eg drog dyna langsamt til side

i håp om at ei namnlaus kraft

skulle kome om natta

og gøyme noko vakkert i meg:

 

Eit kaldt raudt eple

 

Store mjuke fjør

Kronblad frå ein valmue

 

At eg ein av desse urolege dagane

fekk vakne med synlege svar

kalla fram på mi eiga hud

 

(Hilde Myklebust 2008: 20)

 

Ein slik openheit til det ukjende finn vi òg i diktet «drift»: «Ein kveld tok vi båten / og lat ut i skodda / Vi sparka varsamt ifrå / lét oss drive utover vatnet». I eit anna dikt, «pil», er det ei blanding av leik og alvor med barn (eller ungdom) som skeisar på isen, og dei lagar piler «så vi lett skulle finne attende». Ja, slik dannar dei vink og teikn til seg sjølve, som dei òg gjer når dei har «Bleike røyksignal berre vi kunne tyde».

Det er noko ved desse dikta som minner meg om eigen oppvekst. Eg var nesten alltid ute, på oppdagingsferd, sjølv i det velkjende terrenget eg hadde gått og sprunge så mange gongar før. Eg visste kva rot eg ikkje skulle snuble i, kva berg som var akkurat bratt nok til å bli farleg når det regna og vart glatt. Og sjølv om eg kjem frå ytste, flate kyst og iallfall nokre av dikta til Myklebust gjerne skildrar landskap som stemmer noko betre med fjellgardane ved fjordbygder, så er det noko felles i måten naturen blir erfart på. Seinare har eg tenkt mykje på kva slikt har å seie, det vekse opp slik. Eg har opplevd det å møte att barndomens paradis som noko spesielt, der eg les terreng og teikn på ein radikalt anna måte enn andre stader. Ein stad det ikkje er meg og naturen, men oss.

Desse assosiasjonane og perspektiva vert forsterka når eg les Hilde Myklebusts bok Ylva og villgeitene. Hovudpersonen er altså ei jente som heiter Ylva. Faren kallar henne «gaupe», og ho tyder teikn i naturen og samhandlar med denne. Her er det – i tillegg til å nærast kunne snakke med geiter – spesielt ørnefuglen Ylva følgjer med på. Der Hauge skriv at «fuglane ber med seg vassdropar frå lauget», så ber altså fuglen på noko for Ylva; Ørna flyg ikkje berre rundt der i lufta, men måten den flyg på og kvar er noko som kan bli lest, tolka, forstått. For Ylva «har sett dette før. Ho veit kva rovfuglen driv med. Ørna har sett noko ho vil kleppe tak i» (Myklebust 2020). Ylva er dessutan stemt inn mot dyr sine måtar å snakke på elles òg:

– Du, Ylva. Det som hende i stad, med bukken og deg, seier pappa, – det var heilt utruleg. Det var som om de prata saman. Korleis gjer du det der?

-Eg veit ikkje heilt, svarar Ylva. – Det berre … Det er som om eg kan sjå kva dei tenkjer, dyra. Dei snakkar eit språk med kroppen sin som eg skjønar litt av.

-Det må vere fint, seier pappa og klemmer henne om skuldra.

(Myklebust 2020)

I Ylva og villgeitene er det som i Vinjes «Blåmann» alvor og fare, men heldigvis er Myklebust si bok fullspekka av heltar, slik status har både Ylva, pappa, og villgeitene. Men det er Ylva som er varast i dette bokuniverset.

Hilde Myklebusts sterke diktbok Kvar ein fugl (2018), inneheld òg element med barn og barndom, men òg på dikt- og yrkestradisjonar.

 

I grålysinga teiknar steingardane

mjuke linjer kring dei bleike markene

Tippoldefar fann desse steinane

Kvar ein stein festa han auga på

og såg etter former og kantar

søkk og kvelvingar

som kunne høve saman

 

Stundom stødde han seg

mot den nylødde muren

Han drog handa over panna

Ei stripe jord smelta inn i sveitten

og la seg som ein skugge i andletet

 

Mose og lav grør over

der dei seige nevane hans

tok tak og lyfta

 

Stein på stein kransar garden

Eit lysande omriss av tid 

 

(Myklebust 2018, 5)

 

Dette særskilt vakre diktet kretsar rundt noko historisk, til tippoldefaren som bygga denne muren. Tankane kan òg gå til andre diktarar som har skrive om forfedrar som har lagt stein på stein. Ja, eg tenkjer her på Hauges «Til eit Astrup-bilete» der han skriv «med urter bak ein steingard som dei la / kring helga lundar, dei som fyre fer?» (frå På Ørnetuva, 1961), men diktet minner meg ikkje mindre om Paal-Helge Haugens «Steingjerde» frå samlinga med same namn (1979). Myklebusts dikt plasserer seg slik sett inn i ein bestemt norsk dikttradisjon.

La meg følgje tråden med tolking av teikn litt vidare. For mykje av haldninga og visdomen i ei barnebok som Ylva og villgeitene finst i vaksenbøkene òg. Her frå Kvar ein fugl.

 

Ramn flyg innover dalen

Eg fylgjer etter og finn sauen

Vomma blæs seg opp

og lyftar føtene frå marka

Blodet har tjukna og musklane stivna

men lammet ligg framleis inntil

Det strekkjer hals og syg

mjølk frå det blå juret

 

(Myklebust 2018, 15)

 

Som hos Hauge, så fortel verken diktet eller naturen i diktet «heile sanningi». Det lyriske eg-et tolkar ramnens rørsle – ikkje ulikt det måten det ein i Søkk har å gjere med «Bleike røyksignal berre vi kunne tyde». Slik eg ser det, så er det altså eit lyrisk eg som på fleire måtar er innvigd – det er innvigd i vaksenverda, men òg i naturvisdom. Likevel held verda fram med å vere forunderleg og magisk, og den poetiske skildringa vitnar om respekt, med eit eg som lyttar til den spesifikke situasjonen. Det er som om diktet sjølv «strekkjer hals og syg» næring frå omverda det står i. 

Poesiens verd er ei verd av fuglar. I første mosebok, heiter det jo at «Guds ande svevde over vatnet». Slik har fuglen blitt forstått; noko som er mellom himmel og jord, og som vi kan og bør forhalde oss til. For dei er tettare på det guddommelege enn oss menneske. Ofte, og spesielt i romantisk poesi, er fuglen eit bilete på poeten. Slik er det ikkje hos Myklebust. Iallfall ikkje slik eg les det. Det er likevel ei verd der heilskapen kan bli forstått gjennom naturteikn, eit univers som krevjar at vi er lyttande, lure, forsiktige, ja, vare. For når fuglane syng «seg inn mot ei brå togn» (som det heiter i eit dikt), så tyder det noko. Heldigvis er dikta her, så vi kan lese dei fleire gongar – for spontan glede fordi dei er vakre, fine, kloke, og som mogleg oppmoding til varleik.  

Teksten er basert på ein munnleg presentasjon på diktardagen 2020. 

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk