Paal-Helge Haugen heidra med Diktartavla 2021

Bilete av Paal-Helge Haugen
Foto: Stein Arnold Hevrøy

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidra ein av landets mest markante poetar – Paal-Helge Haugen, med Diktartavla laurdag 12. juni på Utne. Forfattar og litteraturkritikar Tom Egil Hverven innleia og samtala med Haugen om forfattarskapen. Haugen framførte også dikt saman med folkemusikkduoen Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén-Warg som held konsert til ære for prisvinnaren.

Dikt på steintavle i graset
på eit tun i Hardanger –
stort verkelegare kan ikkje eit dikt bli.
– Paal-Helge Haugen

Grunngjevinga for Diktartavla 2021:
Paal-Helge Haugen har ein svært rik tekstproduksjon, både i mengd og i spenn. Debutboka Blad frå ein austleg hage (1965) er gjendikting av japanske haikudikt, og Haugen sin forfattarskap er stadig i dialog med tekstar frå andre kulturar og andre tider. Han har publisert gjendiktingar, skrive tekstar til musikk og til dramatisk framføring, laga dikt til biletkunst og skrive dikt knytt til bibeltekstar. Haugen sin lyrikk har ei breidd og ein dramatikk i seg som gjer at lyrikken sprengjer seg ut av tradisjonen og dei klassiske skjema. Haugen si dikting fangar det sanselege i skarpe og poetiske augneblink. Samstundes er det harmoniske tilværet uløyseleg knytt til verdas moglege undergang. Haugen diktar om kva språket har å seia for verda, og korleis diktinga kan fungera.

Om ein skal seia noko kort om ein så mangslungen forfattarskap som Paal-Helge Haugen sin, kan det vere høveleg å trekkja nokre parallellar til Olav H. Hauge, som grunnla den diktarstien Haugen no blir del av: Skrivepraksisen hans er tydeleg knytt til ein lesepraksis. Forfattarskapen viser at det på ingen måte er ei motsetjing å stå i ein kulturtradisjon samtidig som ein utforskar det som er meir framandt. Der Haugen skriv om steingjerde, om «slitets steinar» som «historiens skrift», er han i det rurale og heimlege. På eit vis er han òg det når han i Gs bok (2008) siterer frå Fyrebilsbibelen frå 1921. Før han gav ut eigne diktbøker, publiserte Haugen omsetjingar av japansk og kinesisk lyrikk. Difor har mellom anna T’ao Ch’ien kunna koma på vitjing til oss norske lesarar. Ein annan viktig parallell til Hauge er at dikting ikkje berre er ei språkleg-estetisk form, men ein metode og tenkjemåte å nærma seg verda på. I eit dikt i boka Dantes oske i samling Kvartett (2008) skriv Haugen: «Her finns ordet ‘verden’ / for at verden skal finnast». Så kan ein kanskje tenkja som så, at her finst diktinga slik at me skal sjå verda på nytt – at også dette er «historiens skrift».

Paal-Helge Haugen står med andre ord i ei særstilling i det norske lyrikklandskapet, og han er ein verdig mottakar av Diktartavla 2021.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk