Diktartavla

Diktartavla, litterær pris som kvart år går til ein markant norskspråkleg lyrikar. Prisen blei initiert av Olav H. Hauge, og blir i dag delt ut av Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret.

Prisen skal gå til ein norskspråkleg nolevande forfattar som har gjeve ut minst to eigne diktsamlingar, og blir gjeven for heile forfattarskapen. Over tid skal prisen fordelast jamt mellom nynorsk og bokmål.

Eit dikt av vinnaren blir gravert inn i ei steintavle, som blir plassert i museumstunet på Utne i Ullensvang. Steintavlene er utforma av biletkunstnar Cecilie Brock Knutsen. Til saman utgjer desse steintavlene ein diktarsti.

Teksten er publisert med løyve frå allkunne.no

Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidra Hilde Myklebust med Diktartavla 2020.

Tone Hødnebø tok imot lyrikkprisen Diktartavla på Utne 8. juni 2019.

Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Einar Økland med Diktartavla 2018.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk