Diktartavla til Paal-Helge Haugen

Bilete av Paal-Helge Haugen
Paal-Helge Haugen. Foto: Gerald Zörner / Cappelen-Damm

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar Paal-Helge Haugen med Diktartavla 2021. Ein av dei viktigaste lyriske forfattarskapane våre blir del av den flotte Diktarstien i museumstunet på Utne når Haugen får prisen 12. juni.

Gjennom ein lang forfattarskap har Haugen markert seg som ein av dei fremste lyrikarane våre med ein svært rik tekstproduksjon, både i mengd og i breidd. Frå debuten i 1965 har diktinga hans vore i kontinuerleg dialog med tekstar frå andre kulturar og andre tider. Haugen har publisert gjendiktingar, skrive tekstar til musikk og til dramatisk framføring, laga dikt til biletkunst og skrive dikt knytt til bibeltekstar. 

Paal-Helge Haugen står i ei særstilling i det norske lyrikklandskapet, og han har difor ein sjølvskriven plass på Diktarstien, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret. 

Under markeringa, som finn stad på Hardanger folkemuseum på Utne, skal prisvinnaren avduka diktartavla og samtala om diktinga si med forfattar og kritikar Tom Egil Hverven. Det blir også konsert med folkemusikar Kirsten Bråten Berg, som har med seg Daniel Sandén-Warg på hardingfele. 

Kirsten Bråten Berg er ein av dei meste kjende og framståande kvedarane i Noreg, så dette er noko me verkeleg ser fram til, seier Agnete B. Sivertsen, avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum. 

Diktarstien på Hardanger folkemuseum 
Diktarstien er ein vakker hellegang med 30 diktaravler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum. Haugen går inn i rekkja av markante poetar som har fått Diktartavla, mellom andre Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk