Den første Olav H. Hauge-bibliografien

Stein Arnold Hevrøy, konservator ved Olav H. Hauge-senteret har skrive den første Olav H. Hauge-bibliografien.

Bibliografien til den folkekjære diktaren frå Ulvik er utgitt av Nynorsk kultursentrum og ført i pennen av Stein Arnold Hevrøy, konservator ved Olav H. Hauge-senteret. Hevrøy håpar at Hauge-bibliografien kan vere til hjelp for alle som ønskjer betre oversyn over forfattarskapen til Olav H. Hauge (1908-1994).

Gartnaren frå Ulvik gav til saman ut sju eigne diktsamlingar. Den første, Glør i oska, kom i 1946, medan den siste, Janglestrå, kom som ein del av Dikt i samling i 1980. ABC kom i 1986, og var eit samarbeid med kona og kunstnaren Bodil Cappelen. Olav H. Hauge omsette 264 dikt av 27 ulike forfattarar frå engelsk, tysk og fransk til norsk. – I boksamlinga på Hauge-senteret kan ein finne fleire spor frå arbeidet hans. Hauge har markert rytmeskjema og andre notat i margen i fleire bøker, seier Stein Arnold Hevrøy.

Framleis aktuell
Hauge sin posisjon som ein av dei største norske lyrikarane etter andre verdskrigen har styrkt seg også etter at diktaren gjekk bort i 1994. I 2016 blei diktet Det er den draumen kåra til tidenes beste dikt av NRK sine lyttarar. I 2019 var tittelen på det same diktet slagord for Noreg som gjesteland under bokmessa i Frankfurt.

Olav H. Hauge er no omsett til 25 ulike språk verda over, og det blir stadig publisert nye tekstar om Hauge. Dikta blir tonesett og nytta i ulike publikasjonar. Hauge-senteret vil difor revidere og utvide bibliografien i åra som kjem. – Vi er takksame for all informasjon og dokumentasjon som kan bidra til ny kunnskap og supple samlingane våre, seier dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret Geir S. Netland.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk