Bokstavjakt for born i Ulvik

Haugesenteret og Ulvik turlag er no klare med årets natursti for store og små turgåarar!

Bornas natursti består av 9 postar i nærområde vårt i Ulvik. På kvar post skal du samla ein bokstav, i tillegg finn du eit turtips, boktips eller anna innhald på postane.
Du kan gå postane i den rekkefylgja du ønskjer, men hugs å setja bokstaven på riktig plass i skjemaet for å koma fram til løysingsordet.

Postane finn du desse stadene; Vedaone, Kulturstien ved Tysso , Røykjefossen, Brakanes Hotel, Gapahuken på Tunaheim, Elvatunskogen, Aplabrote, Osaflorane, Sjohagen.

Turkort kan hentast ut hjå Haugesenteret, Brakanes hotel eller i Turistkontoret. Du kan også laste ned turkortet her.

Når du har funne løysingsordet kan du henta premie og diplom på Haugesenteret.

God tur og lukke til

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk