Besøk oss

Opningstider og prisar

Opningstider

I samband med situasjonen kring det nye koronaviruset held Hauge-senteret stengt inntil vidare.

Januar–april
Tysdag–fredag kl. 11–15

Påskeveka held vi ope tysdag 7.4 kl. 11–15 og onsdag 8.4 kl. 11–12. Stengd torsdag 9.4 og fredag 10.4. 

Mai–september
Tysdag–fredag kl. 10–16
Laurdag og søndag kl. 11–16

Kr. Himmelfartsdag (21. mai) er vi ope frå 11–16. 

Oktober–desember
Tysdag–fredag 11–15
Laurdag 11–14

Ope etter avtale utanom vanleg opningstid. 

Museet er stengt i romjula, første nyttårsdag og 17. mai.

Prisar

Vaksne 100 kr
Barn Fri
Rabbattert pris (Mållaget, Venelaget Hauge, Medlemslaget Vinje, tilsette/ medlemer i stiftarinstitusjonane) 70 kr
Student Fri

Prisen inkluderer film, omvising og vitjing i utstillingane i Hauge-senteret.

Pris for grupper på 15 personar eller meir
Fast omvisargebyr     500 kr  
Billett per person         50 kr (minimum 15 personar)

For grupper utanom opningstida kjem eit generelt tillegg på 1 000 kr.

Skular og barnehagar med formidlingsopplegg frå 2020
Fri inngang 

Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis.

For meir informasjon og bestilling kontakt oss på telefon: 56 52 70 70

Her finn du oss

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km.

Tog & Buss

Nsb har daglege avgangar frå Oslo til Voss. Det same gjeld tog frå Bergen til Voss.

Lokalbuss frå Voss til Ulvik. Ein times reisetid.

 

Fly

Rutefly fleire gonger dagleg til Flesland flyplass i Bergen.

Herifrå er det drygt to timars reisetid med tog og buss til Ulvik.

 

Tilgjenge

  • Parkeringsplassen ligg rett ved Hauge-senteret. Det er 50 meter å gå frå parkeringa til senteret. Funksjonshemma kan parkere på anviste parkeringsplassar utanfor Hauge-senteret.
  • Alle etasjar er tilgjengelege med heis.
  • Det er lagt til rette med ramper for rullestolbrukarar der det er behov, i utstillinga er det heller ingen golvlister til hinder.
  • Toalett og handikap-toalett ligg i 2. etasje
  • For fribillett for følgjekort for funksjonshemma kontakt oss på post@haugesenteret.no

Ta kontakt på telefon 56 52 70 70 ved spørsmål.

Omvising

Ei omvising i basisutstillinga i Hauge-senteret gjer at publikum får meir ut av eit besøk. Ei vanleg omvising varer kring 30 minutt, men det er sjølvsagt problemfritt å få kortare eller lengre omvisingar, dersom det er ønskjeleg.

16. august – 31. mai
Omvising etter avtale på tlf 56 52 70 70 eller post@haugesenteret.no

1. juni – 15. august
Omvising kvar heile time.
Filmen «Ordmeisteren» blir vist kvar halve time.

Grupper kan gjerne ta kontakt på førehand på telefon 56 52 70 70.

Butikken

I museumsbutikken finn du alt frå lyrikkbøker og nynorske barnebøker til Hauge-turkopp, magnetpoesi, handlenett og lokale handverksprodukt. Mange av artiklane i butikken er utvikla av Hauge-senteret sjølv, noko som gir eit særeige og unikt utval. Artiklane i museumsbutikken er også tilgjengeleg på handlenett.no – sjå peikar under.

Butikken følgjer museet sine opningstider, i tillegg held den ope i samband med alle arrangement i senteret. 

Ein treng ikkje løyse billett til museet for å besøke butikken. 

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk