Barn og unge

Les for livet

Gjennom teaterframsyninga Les for livet! får elevane smakebitar av nyare barne- og ungdomslitteratur på nynorsk.

Manusforfattar Lars Mæhle har fletta saman tekstutdrag frå fleire forfattarar som skriv i ulike sjangrar, til ei spennande forteljing. I Les for livet! får elevane oppleve alt frå dikt til fantasy i ei engasjerande framsyning. Målet er å fremje leseglede!

Få framsyningar i Den kulturelle skulesekken har undervisningsopplegg for etterarbeid. Gjennom dette opplegget kan elevane arbeide vidare med utvalde tekstar frå dei aktuelle forfattarane. Undervisningsopplegget er lagt opp slik at læraren sjølv kan velje tekstar og omfang.    

Etter fagfornyinga av læreplanen skal elevane i større grad eksperimentere og bruke nysgjerrigheita si i faget, dette gjeld særleg i barneskulen. Ved å arbeide med eit emne over tid og på ulike måtar, kan ein legge til rette for djupare læring der elevane forstår omgrep og samanhengar, både i fag og mellom fagområde. Kjerneelementa Tekst i kontekstMunnleg kommunikasjon og Skriftleg tekstskaping er sentrale i opplegga til Les for livet.
Kjelde: www.udir.no

Vi håpar at både teaterframsyninga og desse oppgåvene vil gje elevar og lærarar lyst til å lese vidare!

Dette læremateriellet er eit samarbeid mellom Olav H. Hauge-senteret, Nynorsksenteret og Foreningen !les. Oppgåvene til Svarte-MathildaKeeperen og havet og Eg er eg er eg er har tidlegare vore nytta i Tid for ti-aksjonane.

Det er fint om de har bøkene tilgjengelege i klasserommet når de arbeider med oppgåvene, men det er ikkje naudsynt.

Digital poesiverkstad

Bli med inn i poesiverkstaden! Her har vi samla spennande, rare og morosame skrivetips frå ulike forfattarar som kan hjelpe deg å kome i gang med skrivinga. Oppgåvene kan brukast i skulesamanheng eller for dei som likar å skrive på fritida.

Barnehagetilbod

Vi tilbyr omvising for barnehagar som ønskjer å besøke oss, men det er mykje å gjere også for dei som vil ta eit besøk på eiga hand.

Utstillingane opnar for fleire sansar med installasjonar om lyrikk og litteratur som ein kan både kan sjå, høyre og ta på. I basisutstillinga kan du slå nummeret til Hauge på ein gamal bakelittelefon og Hauge svarar sjølv med eit dikt. Inne i poesiverkstaden ligg det til rette for mange aktivitetar som magnetpoesi, teikne- og skriveaktivitetar.

Kattejakt
Katten til Olav H. Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylje kattespora finn ungane katten på uventa stader, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Når alle kattane er funne er det lesestund i kattekroken frå Olav H. Hauge og Bodil Cappelen sin ABC.

Bokformidling
Vi kan også formidle ei bok til dei barnehagane som kjem på besøk. Då samlar vi oss i poesiverkstaden og formidlaren les ei nyare nynorsk barnebok for borna. Etter bokstunda kan barnehagane fritt gå rundt i utstillinga eller gjere aktivitetar inne i poesiverkstaden.
Borna er velkomne til å ete matpakken sin inne hjå oss, eller sitje ute i sola på fine dagar.

Tinging og prisar
Omvisingar kan tingast på e-post til formidlar Guro Ljone på guro.ljone@haugesenteret.no eller på tlf 51 11 53 32.
For skular og barnehagar er det gratis å besøka oss. Lærarar og barnehagepersonale går fritt i følgje med klassen / gruppa.

Tilbod for skuleklassar

Vil du gå på kattejakt, prøve dikttelefonen? Høyre om korleis diktaren Olav H. Hauge var som liten gut? Leike med ord og bokstavar? Dette opplegget er for småtrinnet.

Med fuglekvitter og song ser vi i dette formidlingsopplegget på kvifor vi menneske til alle tider har vore så fascinerte av fuglane. Dette opplegget er for småtrinnet.

Bli kjend med den unge diktaren Olav H. Hauge, som berre ville lesa og skriva. Slå deg laus og kjenn på di eiga skaparkraft i poesiverkstaden. Dette opplegget er for ungdomsskulen.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

MuseumsLosen

Olav H. Hauge-senteret er med og lanserer MuseumsLosen, ein vegvisar til undervising utanfor klasserommet.

Ta elevane med på unike undervisingsopplegg i autentiske omgjevnader. Undervisinga er tilrettelagt og leia av fagpersonar ved musea. Gå til Museumslosen og vel blant 75 fagaktuelle museumsbesøk. Velkomen til MuseumsLosen!

Helsing museumspedagogane ved:

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk