Tilbake til alle arrangement

NY DATO KJEM: Yt etter evne, få etter behov

fredag, 09.04.2021
Bilete av Olaug Nilssen og Sandra Lillebø

Brageprisnominerte Olaug Nilssen i samtale med litteraturkritikar og forfattar Sandra Lillebø.

I «Yt etter evne, få etter behov» får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

Med «Yt etter evne, få etter behov» har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i «Tung tids tale» frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?

  • Type: Litterært arrangement
  • Tid: 09.04.2021 - 20:00 - 21:00
  • Stad:Lekve Gard

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk