Tilbake til alle arrangement

Ylva og Villgeitene

sundag, 13.09.2020

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbuken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna.

Ylva oppdagar noko nedi i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Ylva og Villgeitene er ei forteljing om å prøve å vere modig når nokon treng hjelp, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.

Hilde Myklebust er forfattar og gardbrukar. Denne søndagen kjem Hilde til Ulvik for å lese boka om Ylva saman med oss, oppi bakkane på Syse. Og veit du kva? Kanskje kjem det også nokre geiter på besøk….

 

Arrangementet har fri inngang. Grunna smittevernstiltak må alle som skal delta melde seg på arrangementet. Dette gjer ein ved å sende namn og tlf til post@haugesenteret.no eller ringe på telefon 56 52 70 70 mellom kl 09-15 på kvardagar.

Om veret er dårleg flyttar arrangementet inn i bakeriutsalet til Kàdn & Alde.

 

  • Organizer Name: Olav H. Hauge-senteret
  • Phone: 56527070
  • Email: post@haugesenteret.no
  • Website: haugesenteret.no
  • Type: Familiearangement
  • Tid: 13.09.2020 - 15:00 - 16:00
  • Stad:Sysebakkane, Ulvik

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk