Tilbake til alle arrangement

Vestlandshus – våningshus frå Jæren til Sunnmøre

måndag, 02.11.2020

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har hatt stor suksess med bøker som fortel og formidlar kulturhistorie frå vårt langstrakte land. No har radarparet vore på tur igjen, denne gong på Vestlandet. Lang kysten frå Jæren til Sunnmøre har dei leita etter vestlandske våningshus der det framleis bur folk, og somme stader leikar barn på lemmen.

I Vestlandshus fortel Røyrane og Apneseth historia om det avlange, kvitmåla våningshuset som, saman med den vanlegvis raude løa, i løpet av 1800-talet vart eit landemerke og eit kjenneteikn på vestlandske gardstun.

Med tida er dei fleste av desse karakteristiske bygningane blitt erstatta av nyare bustadhus som hovudhus på garden. Husa som står att i dag finst i svær ulik framtoning. Nokre har blitt ståande utan vedlikehald og syng på siste verset. Andre har fått nødvendig vedlikehald og er lite endra. Atter andre er døme på korleis gamal byggeskikk kan møte ny arkitektur og syne oss korleis det tradisjonelle våningshuset kan tilpassast dagens behov og brukast som heilårsbustad.

På sin veg gjennom fylket var Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth innom fleire gamle lemstover i Ulvik. No kjem Eva tilbake, denne gonga med den rykande ferske og ferdige boka under armen.

I samarbeid med Ulvik herad og Den kulturelle Spaserstokken.

 

Fri inngang for pensjonistar. Påmeldig til post@haugesenteret.no eller på telefon 56 52 70 70.

  • Organizer Name: Olav H. Hauge-senteret
  • Phone: 56527070
  • Email: post@haugesenteret.no
  • Website: www.haugesenteret.no
  • Type: Litterært arrangement
  • Tid: 02.11.2020 - 19:30 - 20:30
  • Stad:Elvatun, Ulvik

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk