Tilbake til alle arrangement

Verdas poesidag

måndag, 21.03.2022

Måndag 21. mars kjem journalist og politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, for å presentere biografien Hun skrev for å kunne leve – Min mor, Marie Takvam. Marie Takvam var ei viktig nynorsk diktarstemme og debuterte med diktsamlinga Dåp under sju stjerner i oktober 1952. Marie Takvam, fødd Marie Ragnhild Skylstad, var fødd og oppvaksen på Skylstad i Hjørundfjorden. Etter ei lang og rik karriere blei ho også heidra som festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2003.

I biografien formidlar Magnus Takvam eit kunstnarportrett av ein av våre største norske lyrikarar. Samstundes skriv han om korleis han som son opplevde å vokse opp med ei mor som på den eine sida levde eit spennande liv, men på den andre sida hadde ein vanskeleg kvardag.

Vel møtt til eit spennande føredrag!

Les meir om Marie Takvam i Store norske leksikon: https://snl.no/Marie_Takvam

  • Type:
  • Tid: 21.03.2022 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Syse Gard

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk