Tilbake til alle arrangement

«Vandring» med Erlend Apneseth, Frode Haltli og diktaren Sigmund Løvåsen

sundag, 23.01.2022

Om «Vandring»
Vi går og går. Mot kvarandre eller frå kvarandre. Vi har alltid vandra, for å finne mat og nytt land, på flukt eller leit, tiår med ørkenvandring eller ei tung dørstokkmil. Vi er oskeladden med opne auge for alt som ligg langs vegen, eller felttog med eitt mål for auget. På 1800-talet vandra ein kar omkring i Noreg og sanka språk. For tusenvis av år sidan tok eit menneske det første steget på det som i dag blir kalla norsk jord. Vi tek eit steg mot eit anna menneske for å gi eit kjærteikn, millionar er på flukt, og over oss alle flyg vandrefalken.

Slik set Sigmund Løvåsen ord på kva han har undersøkt i tekstane sine, og med dette grunnlaget har musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli funne mange musikalske skjeringspunkt. Musikken er eit grenselaust språk, og sjølv om instrumentasjonen er hardingfele og akkordeon, så kan ein høyre musikalsk inspirasjon frå både aust og vest i dette verket. Og når Apneseth klimprar på to feler samtidig, går tankane kanskje til ein vestafrikansk kora, kanskje til ei irsk harpe. Assosiasjonane kan vere mange, og opne for mange tolkingar. Tradisjon og nyskaping har gått hand i hand gjennom virket til begge musikarane gjennom fleire år. I samspelet med tekst tek musikken til tider ei reflekterande og lyttande rolle. Andre stader kan musikken bryte laus i villskap og overdøyve poeten fullstendig.

Verket «Vandring» blei tinga av Nynorsk kultursentrum til Festspela 2021. Diktar Sigmund Løvåsen og komponistane og musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli har skapt musikk og lyrikk i samspel med kvarandre og resultatet er eit unikt samansveisa verk der overgangane frå lyrikk, komponert og improvisert musikk glir saumlaust i kvarandre og bidreg til ei fokusert, intens og sterk oppleving for publikum.

Forfattaren Sigmund Løvåsen har gitt ut ei rekkje romanar, skodespel og diktbøker sidan debutromanen Nyryddinga i 2003. Løvåsen var leiar i Den norske Forfatterforening frå 2012 til 2017 og festspeldiktar for Festspela 2021.

Erlend Apneseth og Frode Haltli er begge røynde og prislønte musikarar og komponistar i skjeringspunktet mellom folkemusikk og samtidsmusikk. Dei har mellom anna samarbeidd på albumet Salika Molika (2019), som fekk Spellemannprisen i kategorien Åpen klasse.

Konserten er i samarbeid med Osafestivalen på Voss.
Billettpris vaksen kr 300, student kr 200.
Billettar på www.osafestivalen.no

  • Type:
  • Tid: 23.01.2022 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Osasalen, Voss

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk