Tilbake til alle arrangement

AVLYST: Sidersleppkonsert med Bergen Mandolinband

fredag, 21.05.2021
Bergen mandolinband

Bergen Mandolinband spelar og Gaute Sortland les frå novellesamlinga Du er ikkje normal.

Etter 20 år prydar eit spørsmål Bergen Mandolinband si nyaste plate: Koss havna me her? Bandet til forfattar Gaute Sortland forsøkjer å svare på kvar det heile starta, kva som skjedde, og kva som stadig skjer undervegs. Albumet er omtalt som ein sprudlande fest av ei plate, med ei finstemde blanding av norsk, amerikansk og irsk folkemusikk.

Vokalist Gaute Sortland skriv ikkje berre tekstar som kan syngjast, han har også gitt ut fleire bøker. Denne kvelden byd han på nokre utdrag frå den nyaste novellesamlinga Du er ikkje normal.

Med stor speleglede og ein gnistrande energi dukkar no Bergen Mandolinband endeleg opp mellom epletrea i Ulvik. Me gler oss!

Bergen Mandolinband består av Olav Christer Rossebø: Fele og mandolin. Gaute M. Sortland: Gitar og vokal. Ingemund Askeland: Munnspel og banjo. Kjetil Olai Lundø: Kontrabass

  • Type: Konsert
  • Tid: 21.05.2021 - 21:00 - 22:00
  • Stad:Lekve Gard / Frukt- & siderruta

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk