Tilbake til alle arrangement

Sidersleppkonsert: Bergen Mandolinband

fredag, 20.05.2022

Etter 20 år er spørsmålet som prydar Bergen Mandolinband si nyaste plate; Koss havna me her? Bandet til forfattar Gaute Sortland forsøkjer å svara på kor det heile starta, kva som skjedde og som stadig skjer, undervegs. Plata er omtala som ein sprudlande fest med si finstemde blanding av norsk, amerikansk og irsk folkemusikk.

Vokalist Gaute Sortland skriv ikkje berre tekstar som kan syngjast, han har også gitt ut fleire bøker. Denne kvelden byr han på utdrag frå fleire av sine novellesamlingar.

Med stor speleglede og ein gnistrande energi dukkar Bergen Mandolinband endeleg opp mellom blømande epletre i Ulvik. Me gler oss!

Bergen Mandolinband er Gaute Sortland, Olav Christer Rossebø, Ingemund Askeland og Kjetil Olai Lundø

  • Type: Konsert
  • Tid: 20.05.2022 - 20:00 - 21:00
  • Stad:Lekve Gard / Frukt & Siderruta

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk