Tilbake til alle arrangement

Lyrikkseminar på Haugesenteret i Ulvik

21.10.2021, 11:00 - 22.10.2021, 13:30

Kva seier diktinga om relasjonen mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege? Kva tilgang har menneska til det som ikkje er menneskeleg, og kva rolle speler det ikkje-menneskelege og tenkinga rundt det i liv, kunst og politikk?
Nettverk for poetisk tenking har invitert forskarar til å innleie om tema 21. – 22. oktober 2021. Kvart innlegg er på inntil 30 min. Det er satt av 15 minutt til diskusjon etter kvart innlegg.

Sjå praktisk informasjon under programmet.

Program

Torsdag 21. oktober:

11.00–13.15 Første sesjon. Ordstyrar: Ole Karlsen.
Kort velkomst.
Silje Solheim Karlsen, UiT Norges arktiske universitet: Joiken, det menneskelige og naturen
Stein Arnold Hevrøy, Nynorsk kultursentrum: Diktet si utstrekte hand mot det ikkje-menneskelege
Elin Stengrundet (via Zoom), høgskulen på Vestlandet: Dyrene i Prøysens diktning for barn

13:15–14:15 Lunsj

14:15–15:45 Andre sesjon. Ordstyrar: Ingrid Nielsen.
Eirik Vassenden, universitetet i Bergen: Walt Whitman, Knut Hamsun og det ville i poesien
Ole Karlsen, høgskolen i Innlandet: Tingdiktingsomgrepet med tekstdøme frå norsk 1900-tals lyrikk

Fredag 22. Oktober:

09:30–11:00 Første sesjon. Ordstyrar: Silje S. Karlsen.
Margit Ims, universitetet i Sørøst-Norge: Å vere eller ikkje vere albatross: Poetisk orientering med raudlista artar i Inger Elisabeth Hansens «Å resirkulere lengselen, avrenning foregår» som los
Ingrid Nielsen, universitetet i Stavanger: Om det omvendte hos Jo Eggen

11:00–12:00 Lunsj

12:00–13:30 Andre sesjon. Ordstyrar: Eirik Vassenden.
Fredrik Parelius, universitetet i Bergen: «Levninger af første chaos»: Skrekkøgler i Wergelands «Cæsaris» (1833), Uppdals Sauros-skratt (1918) og Jacobsens «Mørk saga» (1953)
Janike Kampevold Larsen, arkitektur- og designhøgskolen i Oslo: Steinens tid i en arktisk geografi. Tor Ulvens dikt som dyptidstenkning og Bjørnøya som poetisk materialitet

Praktisk informasjon:

Seminaret er gratis og ope for alle. På grunn av smittevern er det frist for påmelding innan 14. oktober. Meld deg på til: stein.arnold.hevroy@nynorsk.no
Publikum som treng overnatting i Ulvik kan kontakte Brakanes hotell (brakanes@fjordtindhotels.no),
Strand fjordhotell (www.strandfjordhotel.com) eller Hardanger gjestehus (www.hardangerguesthouse.no).
Lunsj frå Kàdn og Alde kan førehandstingast på stein.arnold.hevroy@nynorsk.no

  • Type:
  • Tid: 21.10.2021 - 11:00 22.10.2021 - 13:30
  • Stad:Haugesenteret, Ulvik

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk